NRK Meny
Normal

– Veldig uventa med Spellemannspris

Ole Hartvigsen frå Luster er ein av fire medlemmer i gruppa Kampfar, som laurdag kveld vann Spellemannsprisen i kategorien metall.

Ole Hartvigsen

PRISVINNAR: Ole Hartvigsen er gitarist i Kampfar. Fotoet vart teke på Midgardsblot-festivalen i Horten i fjor.

Foto: Stig Pallesen

Gruppa fekk prisen for plata «Profan». 34 år gamle Hartvigsen, som er gitarist i gruppa, seier at han vart veldig overraska då Kampfar vart ropt opp som vinnar.

– Det var ganske uverkeleg for oss alle. Vi hadde ikkje venta det. Det gjekk veldig fort, det var veldig kjekt, og det tok litt tid å få det til å synke inn. Vi hadde trudd at Enslaved kom til å vinne.

– Alle dei andre banda som var nominerte var gode kandidatar til å vinne, det er band som har mykje publikum og har fått mykje skryt både i Norge og ute i verda, seier lustringen, som no bur i Bergen.

Med i Kampfar sidan 2011

Kampfar vart starta i 1994. Ole har vore med sidan 2011. Han har drive med musikk sidan 1996, då han og nokre vener starta band i Luster.

– Eg hadde mitt eige band som heitte Emancer. Fram til 2008 fekk vi gitt ut fem album. I 2010 var eg på turné med det bandet. Rett etter det var det ein ledig plass i Kampfar, og då fekk eg den etter å ha vore på audition.

Sidan er det blitt to album, mange turnéar og festivalar.

– Vi har hatt ein veldig god periode dei siste åra, vi har fått mykje merksemd her i Norge, og det er vel det som har ført til Spellemannsprisen.

Kampfar

GLAD LUSTRING: Ole Hartvigsen (nr. tre frå venstre).

Foto: Pressefoto

IT-utviklar og musikar

Dei tre andre medlemmene i Kampfar er Per-Joar «Dolk» Spydevold på vokal, Jon Bakker på bass og Ask Ty Arctander på trommer. Ingen av dei lever av musikken åleine. Ole er IT-utviklar og bur i Bergen.

– Vi har full jobb ved sidan av alle saman. Eg pleier å seie at eg har to jobbar, det er enormt mykje jobb med musikken. Men å leve som musikar er ikkje enkelt. Vi kunne kanskje ha fått det til, men det hadde kravd endra livssituasjon. Det er ikkje fulltid, men det er full fritid.

– Opnar kanskje dører i Norge

– Kva trur du Spellemannsprisen får å seie for Kampfar?

– Det er ikkje så godt å seie. Eg veit ikkje om det har så mykje å seie. Men for oss personleg var det veldig stort å få ei slik anerkjenning. Kanskje det opnar nokre nye dører her i Norge, for vi har i alle år spelt mest i utlandet.

For Kampfar har aldri fått innpass i det Hartvigsen kallar «mainstream-arrangement».

– Kanskje det har noko å seie for det. Vi er ein nisjesjanger, men det er ei misforståing at vi som driv med denne typen musikk ikkje vil ha eit stort publikum og ikkje vil ha merksemd og publisitet. Det er klart at vi vil ha det, men på rett grunnlag, vil vil ha det på grunn av det vi gjer og ikkje at vi tilpassar oss for å få eit større publikum.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen