Hopp til innhold

Slit med søvnmangel og fryktar noko liknande kan skje igjen

Mange av dei overlevande etter Utøya-tragedien lir av søvnmangel og er skeptiske overfor framande. For Thor Mehammer og Torbjørn Vereide handlar alt no om å ta kvardagen tilbake.

Video Prøver å få kvardagen til å gå

TØFF KVARDAG: Vel tre månader etter massakren på Utøya slit mange av dei overlevande med å fungere i kvardagen. Thor Mehammer såg drapsmannen i auga, og la på svøm for å berge livet. (Vestlandsrevyen 25. oktober 2011).

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dei grufulle opplevingane på Utøya den 22. juli vil truleg for alltid prege liva til dei som overlevde. Bergens Tidende har i ei anonym spørjeundersøking spurt overlevande korleis hendinga har påverka livet deira.

Mange fortel om det same, søvnmangel, mareritt og frykta for at noko liknande kan skje igjen.

– Eg kan ha det bra, og så kjem sorga som ei atombombe. Då klarer eg å oppretthalde ei fin maske. Men det er som å gå rundt med ein vulkan i brystet, seier Thor Mehammer frå Florø til BT.no.

– Tårene kjem berre plutseleg

Det er no vel 100 dagar sidan heile verda vart skaka av terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. På AUF sin sommarleir på Utøya vart 69 menneske drepne av det som truleg var ein nøye planlagt massakre.

Thor Mehammer såg sjølv drapsmannen rett i auga. Han er, som dei andre overlevande sterkt prega av det som skjedde på øya.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Torbjørn Vereide er komme heim til Sandane

PREGA: Torbjørn Vereide si historie frå Utøya gjekk verda rundt. For mange var det først då han fortalde om si oppleving at det faktisk gjekk opp for folk kva som hadde skjedd. (Vestlandsrevyen 27. juli 2011).

Leiter etter rømmingsvegar overalt

Avisa har send ut ein anonym spørjeundersøking til dei overlevande frå Hordaland og mange fortel om dei same problema.

Dei har søvnmangel, mareritt og paranoia. Dei er skeptiske overfor framande og fryktar at noko liknande kan skje igjen. I tillegg lev dei i ein kvardag der dei leiter etter rømmingsvegar overalt.

Dette er noko både Thor Mehammer frå Florø og Torbjørn Vereide frå Sandane kjenner seg igjen i.

– I starten hadde eg ofte mareritt. Det var den same draumen om og om igjen: at eg var på Utøya og rømmer frå nokon, seier Vereide til BT.no.