Hopp til innhold

– Oljebasen er berre ein forsmak

– Nedbygginga av oljebasen i Florø er berre ein forsmak på kva som vil koma når det norske oljeeventyret byrjar å ta slutt, seier forskar Tyson Weaver.

FJORD BASE - FLORØ

BLIR KUTT: Statoil endrar seglingsrutene, slik at det blir mindre å gjera i Florø og meir på Mongstad.

Foto: Harald M. Valderhaug

Weaver som jobbar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og NTNU i Trondheim, trur lågare oljeprisar, høge lønningar og dyrare utbyggingar vil tvinga Statoil til å sentralisera aktiviteten sin på land for å spara pengar.

– Vi eksporterer 90 prosent av olje og gass, det betyr at vi må bli dyktigare når det gjeld kostnadsnivået for å konkurrera internasjonalt, seier han.

Blir mindre å gjera i Florø

Bjørn Hollevik

SKUFFA: Høgrepolitikar Bjørn Hollevik er skuffa over kutta ved oljebasen i Florø-

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kvart år blir tonnevis med containerar lossa på skip ved Saga Fjord Base i Florø. Slike forsyningar blir frakta til og frå oljeplattformene i Nordsjøen via oljebasen i kystbyen. Men no skal Statoil endra seglingsrutene, slik at det blir mindre å gjera i Florø og meir på Mongstad.

Det vil bety 150 færre oljearbeidsplassar, ifølgje ein konsulentrapport. Høgrepolitikar Bjørn Hollevik var skuffa då sentraliseringa til Statoil blei kjent i november.

– Når dei plukkar på det vesle vi har, må vi byrja å stille spørsmål om kva ansvar Statoil tek på seg i vår region, sa han.

Fryktar det kan bli få miljø

Geir Pollestad

FRYKTAR FRAMTIDA: Geir Pollestad (Sp) er redd det blir meir sentralisering framover.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Sentraliseringa av landbaserte oljearbeidsplassar som Statoil er i gang med på Vestlandet, kan berre vera starten. Det er iallfall energipolitisk talsperson for Senterpartiet, Geir Pollestad, redd for.

– Eg fryktar at det blir sentralisert til nokre få miljø i landet. Det er ikkje bra, seier han.

Tre forhold kan pressa fram ei sentralisering av oljearbeidsplassar på land: For det fyrste er det varsla lågare olje- og gassprisar i åra som kjem. For det andre er dei norske oljelønningane så høge at dei svekkjer konkurranseevna internasjonalt. Og for det tredje blir oljen på norsk sokkel stadig dyrare å pumpa opp fordi han ligg djupare og lengre frå land.

Forstår Statoil

Oskar Grimstad (Frp)

HAR FORSTÅING: Energipolitisk talsperson i Framstegspartiet, Oskar Grimstad, seier han kan forstå Statoil som vil byggje ned i Florø.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Energipolitisk talsperson i Framstegspartiet, Oskar Grimstad, har difor forståing for at Statoil byggjer ned i Florø.

– Når vi snakkar om mellom 200 og 400 millionar kroner årleg i innsparing, så forstår eg at det må takast omsyn til, seier han.

Geir Pollestad i Senterpartiet meiner derimot at Stortinget må stilla krav om spreidd landaktivitet når Statoil søkjer om konsesjon for å utvinna nye olje- og gassfelt. Men han vedgår at statsoljeselskapet gjer litt som dei vil.

– Vi har ikkje lenger noko fullt styringsrom der stortinget i detalj kan styre korleis selskapet skal operere, men vi må formidle eit kraftig uttrykk for kva vi meiner. Vi ønskjer at oljenæringa skal gi ringverknader langs heile kysten, seier han.

– Statoil tek samfunnsansvar

Ørjan Heradstveit

MÅ DRIVE EFFEKTIVT: Informasjonssjef i Statoil, Ørjan Heradstveit, seier dei må jobbe for å vere konkurransedyktige.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Informasjonssjef i Statoil, Ørjan Heradstveit, seier marginane i olje- og gassektoren er under press og at dei må effektivisere drifta for å vera konkurransedyktig på lang sikt. Han meiner statsoljeselskapet tek samfunnsansvar i Florø sjølv om dei flyttar arbeidsplassar til Mongstad.

–Vi hjelper til det lokale utviklingsarbeidet i regionen innanfor fleire område med dei partane som er der.

På direkte spørsmål om Statoil kjem til å sentralisera meir av aktiviteten sin på land i åra som kjem, svarar Heradstveit slik.

– Dette vil kontinuerleg innebere at vi må sørgje for at vi er effektive i våre operasjonar for å sikre konkurransekraft.

– Det betyr at vi vil sjå meir sentralisering framover?

– Det vil tida vise, seier han.

Meiner Florø må sjå andre moglegheiter

Forskar Tyson Weaver har saman med ein kollega gjennomført ei gransking blant 215 norske energibedrifter. Halvparten av dei spurde verksemdene i oljeindustrien har planar om å skaffa seg fleire føter å stå på, innan fornybar energi.

Ei slik omstilling, kan vera ei av løysingane for Florø, meiner Weaver.

– Dei er ganske sårbare på grunn av oljen som primærnæring. Difor må politikarane sjå moglegheita for omstilling innan andre industriar. Eit god døme er den nye subsea-ingeniørutdanninga i Florø. Det er ei nisje som bransjen har behov for, seier Weaver.