Hopp til innhold

– Køyr etter forholda, i dag kan det vere glatt

Det samla seg raskt kø då ein bil snurra på glatta og hamna i grøfta på E-39 ved avkøyringa til Sundsdalen i Førde.

Bil i grøfta på E-39 i Førde

SNURRA PÅ GLATTA: Det er ikkje meldt om personskade etter at bil mista kontrollen på E-39 i Førde.

Foto: Seline Larsen / NRK

Fleire bilar har i løpet av dagen fått problem på glatta. Like før klokka ni i dag tidleg fekk politiet melding om den første uheldige bilisten som hadde hamna i grøfta ved Byrkjeland i Gaular.

– Med slike forhold som det er fleire stader i dag er det viktig å avpasse farten etter forholda, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Tre kvarter etter den første utforkøyringa hamna nok ein bil i grøfta i Gaular og ein i Hornindal. I sistnemnde uhell er det meldt om store materielle skadar men det er ikkje meldt om personskade i nokon av hendingane.

Sludd og underkjølt regn

Ved vegtrafikksentralen i Lærdal har Roger Nedberge Hille fått nokre meldingar i løpet av dagen frå folk som har meldt om sludd i vegbane.

– Men det har ikkje vore så mange. Det verkar som det er store skilnadar i fylket. I indre deler er det stort sett turr asfalt, medan det er meldt om sludd og snø i ytre, seier Nedberge-Hille.

Men i dag kan også svart asfalt vere skummelt.

– Det har vore store temperatursvingingar. Vi har gått frå kaldt til mildt og når regn treff kald bakke så frys det til is med ein gong, seier Nedberge Hille.

Også han oppmodar bilistane om køyre forsiktig i dag.

– No er vinter, då kan ein ikkje alltid køyre i 80 sjølv om det er 80-sone. Ein må køyre etter forholda, seier Nedberge Hille.