Hopp til innhold

– Ferjefri E39 er ikkje verdt prisen

Ferjefri E39 er ikkje verdt prisen, det er viktigare med gode vegar mellom ferjene. Det meiner Rolf Olav Tenden som er fylkesleiar i lastebileigar-forbundet

Rolf Olav Tenden
Foto: MONTASJE: Silje Guddal, NRK/Statens vegvesen / NRK

– Næringa vår meiner at på enkelte fjordstrekker her på Vestlandet er det naturleg at det går ferjer også i framtida, seier Tenden.

Måndag morgon blei det kjent at prisen på ein ferjefri E39 frå Stavanger til Trondheim, nesten er dobla på dei to åra som er gått sidan den raudgrøne regjeringa lanserte satsinga. Den nye prisen er anslått til 268 milliardar, 118 milliardar, eller nesten 80 % meir enn i 2013. Dette er ikkje verdt pengane, meiner Rolf Olav Tenden

– Vi er meir opptekne av å få føreseieleg og god veg mellom ferjestrekningane, så får heller enkelte fjordar så utan bruer og ha ferjer i staden. Og så treng sjåførane kvile, mat og toalett, og då er ferjene eit godt alternativ.

Feilsatsing

Etter at kostnadsauken vart kjend i dag, var Rasmus Hansson frå Miljøpartiet dei grøne raskt på bana og sa at heile ferjefri-satsinga på E39 er feil og at vi no må ta klima og miljøutfordringar på alvor.

– Heile prosjektet er eit stjerneeksempel på utdatert samferdslepolitikk, seier Hansson.

Han vil heller ha ei sterkare satsing på båt og jernbane og fryktar at gigantbruene på Vestlandet vil øydelegge for tog, buss og bane kring dei store byane.

Ferjefri E39

DYRT: Både prisvekst på anleggsarbeidet og usikre brukalkylar gjer at ferjefri E39 blir langt dyrare enn vegvesenet først trudde.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

Rolf Olav Tenden deler altså Hansson sin skepsis til dyre fjordkryssingar, men ikkje til båt og bane som alternativ til transport på veg.

– Sjå på Vestlandet, naturen og topografien. Eg truar at både båt og tog nesten vil vere uaktuelt på desse strekninga. Det vert for korte strekningar, og der vil lastebil og vegtransport vere dei absolutte vinnarane.

Også SV er imot

Oddny Miljeteig

MEINER PROSJEKTET BØR SKRINLEGGAST: Nestleiar i Sv, Oddny Miljeteig.

Foto: Hordaland SV

I mars for 2 år sidan sa Liv Signe Navarsete og Trond Giske på regjeringa sin lanseringstur for ferjefri E39 at målet var fullføring innan 20 år.

Etter at den nye prislappen på 268 milliardar blei kjent måndag meiner også nestleiar i SV, Oddny Miljeteig, at prosjektet bør leggast vekk.

– Viss vi ser på prislappen så viser den det vi har sagt heile tida at dette er eit monsterprosjekt. Vi i SV tenker no at alle burde bruke vit, og at prosjektet bør skrinleggast