Hopp til innhold

– Billigare å la vere å levere fisk

For kvitfiskprodusenten Brødrene Larsen er det billigare å la vere å levere fisk enn å ta store omvegar. Dei er avhengige av at eit ferjesamband kjem på plass snarast.

Brødrene Larsen eftf. i Struen

LEVERER KVITFISK: Brødrene Larsen er eitt av dei største torskeslakteria i Noreg og leverandørar av kvitfisk.

Foto: Ottar Starheim

– Det skaper jo problem for oss som skal levere varer til innlandet, som hotella i Florø og andre stader i fylket, for bilane synest det vert for langt å køyre ut her for å hente fisken no når vi ikkje har fastlandssamband, seier Sylvi Røys, dagleg leiar i Brødrene Larsen.

Kvitviskprodusenten og anna næringsliv på Bremangerlandet har fått store utfordringar med logistikken etter ulukka i Skatestraumtunnelen i går.

Eksporten til Oslo går som normalt via Måløy, så det er hovudsakleg leveransane regionalt som vert råka.

Ventar på ferjesamband

No håpar ho at ei ferje mellom Smørhamn og Kjelkenes snarast er oppe og går. Dette er planen ifølge Statens vegvesen, og dei har no reparert ferjelemmen på Kjelkenes som har vore skada. Utfordringa no er å bemanne ei ferje på strekninga, seier Kjartan Hove i Statens vegvesen.

Røys meiner ferjelemmane burde vore halde i orden og klare til ei kvar tid i tilfelle noko skulle hindre trafikken, det vere seg ras eller trailerar som har køyrt seg fast og sperrar trafikken.

Fraktar fisk med lokale båtar i mellomtida

Ho har ikkje tal på kundar eller eventuelt omsetningstap sidan dette varierer frå veke til veke, men seier at dette har stor betydning for dei og ikkje minst kundane dei leverer til.

– Vi skal nok klare oss nokre veker utan leveransar, men på sikt betyr det veldig mykje å få levert til innlandet. Vi har jo opparbeida oss ein marknad vi gjerne vil halde oppe og det kan vi jo ikkje dersom vi blir så ustabile.

I mellomtida prøvar dei å nytte lokale båtar for å frakte varer til Florø og ber fiskarar som kjem om å ta med varer i retur.

– Vi må jo vere litt kreative for å få dette til. Men dette går ikkje i lengda, og det hjelp ikkje for leveringa vidare innover i fylket, seier Røys.