NRK Sogn og Fjordane - Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Ny siger til Førde sitt herrelag

    Også Førde sitt herrelag i volleyball gav heimepublikummet grunn til å juble i ettermiddag då dei vann 3–1 over Koll. Med det leiar Førde serien også for herrar. Laget har 18 poeng og har dermed tre poeng til gode på TIF Viking, men dei har spelt ein kamp mindre.

  • I tet etter hopp på 133 meter

    Anders Fannemel leiar hoppkonkurransen i sveitsiske Engelberg etter første omgang. Honndølen strekte seg til 133 meter i den store bakken. Robert Johansson deler andreplassen med japanske Kobayashi etter eit hopp på 128 meter.

    Anders Fannemel
    Foto: NRK
  • Førde-damene dreg ifrå på tabellen

    Damelaget til Førde Volleyballklubb tok sin sjuande siger for sesongen då dei i ettermiddag slo Koll 3-0 i Førdehuset. Førdedamene vann med setta 25-18, 25–9 og 25–6. Med det har dei vunne alle kampane i toppligaen for kvinner så langt denne sesongen.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.