NRK Sogn og Fjordane - Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Tre bilar har kollidert i Førde

    Det er meldt om eit trafikkuhell i Førde sentrum der tre bilar skal vere involverte. Ifølgje politiet er det uvisst om det er personskade. Naudetatane er på veg.

  • Melding om brann i Svelgen

    Politiet har fått melding om at det brenn i ein bygning i Svelgen. Naudetatane er på veg.

  • Handball-siger til Førde

    Handballdamene til Førde vann 29–28 borte mot Aker i søndagens 1. divisjonsoppgjer. Ved pause stod det 15–15. Diana Kristin Sigmarsdottir scora sigersmålet for Førde i siste minuttet av kampen. Toppscorar for Førde vart Jeanette Øksenberg med åtte mål. Dermed har Førde ni poeng. Laget ligg no på fjerde sisteplass på tabellen, rett over nedrykksstreken.

    Jeanette Øksenberg
    Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
  • Førde tapte volleyball-finalen

    Damelaget til Førde volleyballklubb tapte søndag ettermiddag finalen mot danske Brøndby i Nordic League. Resultatet blei 3–1. Kampane vart spelte i Brøndby i Danmark. Førdianarane tapte også mot same laget i det innleiande spelet. Då vart resultatet det same.

    Førde Volleyball
    Foto: Rune Fossum / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.