NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Brot i radiosendingane i Sogndal

    På grunn av vedlikehaldsarbeid på sendaren vert det i dag brot i radiosendingane i Sogndal frå klokka 09.05 til 09.30. I morgon vert det brot i sendingane frå klokka 09.05 til 09.50 og på onsdag frå klokka 10.30 til 11.00.

    Storehogen
    Foto: Henrik Agledal / NRK
  • To bussar fekk ikkje køyre vidare

    Tre køyretøy fekk bruksforbod under ein trafikkontroll på Skei søndag. Ein varebil vart nekta å køyre vidare på grunn av overlast, medan to utanlandske turistbussar vart nekta å køyre vidare på grunn av manglar med passasjer- og køyrelistene, i tillegg til at dei hadde gjenstandar i frontruta som hindra sikta, opplyser Statens vegvesen.

  • Turbuss hadde oljelekkasje

    Også under ein kontroll på E39 i Førde søndag fekk tre køyretøy bruksforbod. To på grunn av manglande sikring av last, medan ein utanlandsk registrert turbuss ikkje fekk køyre vidare på grunn av oljelekkasjar og brannfarleg skit i motorrommet.

  • Hove og Naustdal på bana

    Torje Naustdal og Johan Hove starta begge på benken, då G18-landslaget spelte sin siste kamp Portugal i dag. Noreg avslutta turneringa med 2-1 siger over Japan. Både Naustdal og Hove kom på bana i andre omgang.