NRK Sogn og Fjordane - Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Åtvarar mot såpeglatt E39

    Ein innringar melder om glatt E39 mellom Nor bru og Grodås i Nordfjord. – Det var klink is. Eg prøvde å bremse oppe, men det nytta ikkje. Her er verken grusa eller salta, opplyser han og ber bilistane vere på vakt. Vegtrafikksentralen opplyser at dei førebels ikkje har fått meldingar om glatt veg i Sogn og Fjordane.

  • Naturperler på verneliste

    Jostedalsbreen, Ytterøyane, Nærøyfjorden og Gåsvær er mellom fleire lokale naturområde som har kome inn på Emerald Network. Dette er eit europeisk nettverk av område for å bevare naturtypar og ville dyr og plantar. Vedtaket gir verneområda internasjonal godkjenning. I alt er 568 norske naturområde på lista.

    Ytterøyane Fyr
    Foto: Johan Johansson (mobilbilde)
  • – Som venta om tvang

    Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) er ikkje overraska over at det ikkje blir brukt tvang for å få Bremanger inn i Kinn kommune. Tysdag skreiv Firdaposten at verken kommunalministeren eller Stortinget vil tvinge Bremanger inn i kommunesamanslåing denne stortingsperioden. Teigen seier han fekk dei same signala i møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner for nokre veker sidan.

    Ola Teigen, ordføraren i Flora, på veg heim frå Batalden
    Foto: Snorre Sandemose / NRK
  • Nærmar seg nedrykksstreken

    Sjølv med berre fire tap på 18 kampar er Gustav Valsvik og Eintracht Braunschweig fire poeng frå nedrykksplass i tysk 2. Bundesliga i fotball. Ti kampar har enda uavgjort. Fredag spelte vikjen heile kampen i 0-1-tapet for topplaget Fortuna Düsseldorf.

    Gustav Valsvik
    Foto: privat
Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.