NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Utvalde kulturlandskap

    Midtre Lærdal har kome med i ordninga for Utvalde kulturlandskap i Jordbruket. Saman med ni andre området i landet er Midtre Lærdal plukka ut i år. Regjeringa har som mål at det skal vere 46 utvalde kulturlandskap innan 2020, noko som er i dobling frå 2016. I år er det sett av 22 millionar kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet og åtte millionar kroner over jordbruksavtalen.

  • Brann ved Helgheim

    Klokka 23.39 fekk naudetatane melding om ein brann ved Helgheim i Jølster. Ifølge Alarmsentralen i Florø var det brann i eit naust nær europaveg 39. Det låg ei hytte tett til naustet, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg, det sa vakthavande ved Alarmsentralen. Naustet var då overtent. E39 var i ein periode stengt, men klokka 00.30 opplyser Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering forbi staden. På same tid melde politiet at brannen var sløkt.

    Brann Helgheim
    Foto: NRK-tipsar
  • Flere i Vest-Europa og færre i Øst

    Folketallet i Øst-Europa har sunket kraftig siden 1990. Utvandring er hovedårsaken. Folketallet i Vest-Europa har vokst i samme periode, på grunn av innvandring, ifølge en analyse gjort av Wittgenstein-senteret for demografi i Wien.

  • Provisorisk løysing i Høyanger

    – Vi har laga ei provisorisk løysing fram til vi får ordna vasslekkasjen, seier avdelingsingeniør i Høyanger kommune, Asle Verøy. Tidlegare i dag mista heile Høyanger vasstilførselen etter ein vasslekkasje. Denne har dei no lokalisert, men arbeidet er krevjande og blir ikkje ferdig før ut i neste veke. I mellomtida har Høyanger kommune no lagt ut brannslangar med vatn, slik at alle husstandar skal ha tilgang til vatn.