NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Vestlendingar dårlegast på beltebruk i buss

    Statens vegvesen sin nasjonale storkontroll sist veke viser at mange sit utan sikkerhetsbelte på buss. Av 751 kontrollerte passasjerar i Vestland sat 108 utan belte. Det gjer Vestland til landets dårlegaste fylke på beltebruk. Innlandet var landets beste fylke med berre 18 av 862 beltelause passasjerar.

  • Tal frå første kvartal er klare for Hydro

    I dag blei det kjent at Norsk Hydro har nedgang i resultatet i årets første kvartal.

    I ei pressemelding opplyser selskapet at verka i Vestland, på Husnes, i Årdal og i Høyanger, går i pluss i første kvartal.

    Husnes går i pluss med 215 millionar kroner, Årdal med 440 millionar og Høyanger med 124 millionar.

    Verket på Husnes i Kvinnherad leverer hovudsakleg produkt til den europeiske byggebransjen og bilindustrien. Dei merker at prisane på råvarer har stige dei siste åra, medan etterspurnaden på aluminiumsprodukt har gått ned.

    – Vi har derfor stort fokus på forbetringsarbeid og å redusere dei kostnadene vi sjølv kan påverke. Vi gler oss over å sjå resultat av dette arbeidet, seier fabrikksjef ved Husnes, Jon Ola Ystgaard, i ei pressemelding.

    Ved verket i Høyanger er resultatet frå årets første kvartal noko lågare enn på same tid i fjor, men fabrikksjef Ann Synnøve Øygård er nøgd likevel:

    – For sjølv om vi har hatt lågare aluminiumsproduksjon i starten av året er drifta og utnyttinga av produksjonskapasiteten på topp, står det i ei pressemelding frå selskapet.

    – Alt i alt har me hatt ein god start på 2024 med stabil drift, rekordlågt fluorutslepp og høg etterspurnad etter lågkarbonaluminiumet me kan levere, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik, ved Hydro Årdal.

    Aluminiumsverket til Hydro i Høyanger.
    Foto: Oddgeir Sæle
  • Myklebustskipet blir sjøsett i dag

    I dag får kopien av vikingskipet Myklebust igjen sjø under kjølen. Skipet er ein kopi av vikingskipet det blei funne spor etter på Nordfjordeid for 150 år sidan.

    Kopien er 30 meter lang og veg 16 tonn. 60 mann skal trille skipet frå Sagstad Vikingsenter og ut på fjorden.

    Myklebust skipet skal sjøsettes
    Foto: Håvard Heggen / NRK
  • Påkøyrsle i Øygarden

    Det har vore ein påkøyrsel i Skjergardsvegen i Øygarden. To bilar er involverte og totalt tre person innblanda.

    – Alle er vakne og medvitne, melder politiet.

    Trafikken flyt nokolunde greitt forbi. Naudetatane er på veg og bilbergar er bestilt.

  • Hydro med nedgang i resultatet i første kvartal

    Norsk Hydro fekk eit resultat på 5,4 milliardar kroner i første kvartal i år, noko som er ein nedgang frå 7,5 milliardar kroner same kvartal i fjor.

    Lågare salsprisar på aluminium og auka faste kostnadar blir peikt på som nokre av årsakene til nedgangen, skriv selskapet i ei børsmelding.

    Hydro sitt verk i Årdal
    Foto: Kjell Arvid Stølen