NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Sjå Vestlandsrevyen 22.55

    Kossdalssvingane på Osterøy har blitt ein attraksjon. Med auka trafikk, kjem også behovet for utbetring av den over 130 år gamle vegen. Progamleiar er Jan Børge Leirvik.

    Programleiar: Jan Børge Leirvik
  • Sjå Vestlandsrevyen 19.45

    Ein arkeolog jobbar no med å finna flest mogleg helleristningar- i håp om dei eldgamle fjellteikningane kan stoppa det planlagde steinbrotet på fjellet Aksla. Progamleiar er Jan Børge Leirvik.

  • Mistenkt for å ha køyrt rusa utan gyldig førarkort

    Ein patrulje har stansa eit køyretøy på Årstad i Bergen grunna mistanke om at førar køyrde utan gyldig førarkort. Mistanken stemte, og førar, som er ein mann i 60-åra, er mistenkt for å ha køyrd medan han var ruspåverka. Blodprøve blir tatt hos lege.

  • Trafikkulukke på Bømlo

    Ein moped og ein bil har vore involvert i ei trafikkulukke på Mostravegen ved Røyksund på Bømlo, melder 110-sentralen. Naudetatane er på veg til staden. Ifølge politiet har det ikkje vore stor fart, og mopedisten skal vere lettare skada.

  • Regjeringa vil stenge døra for kryptovaluta-utvinning i Noreg

    Regjeringa varslar ei ny lov for å få slutt på kryptovaluta-utvinning i Noreg.

    – Formålet er å regulere industrien på ein slik måte at vi kan lukke døra for dei prosjekta vi ikkje ønsker, seier digitaliseringsminister Karianne Tung til VG.

    Noreg blir det første landet i Europa med eit slikt lovverk.

    I 2022 sa Senterpartiet og Arbeidarpartiet nei til eit forslag på Stortinget om å forby den mest straumkrevjande utvinninga av kryptovaluta.

    Grunngivinga var at regjeringa ville «unngå eit særnorsk kryptoforbu», og at det var «prinsipielt problematisk å diskriminere datasenter ut frå ei politisk definert samfunnsnytte».