NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Kan bli streik på Anda

    Sandane lufthamn Anda kan bli utsett for streik, det skriv Firda. Det er tilsette i Avinor som kan bli tekne ut i streik dersom LO stat og Spekter som meklar for Avinor ikkje blir samde. Striden står om retten til å forhandle om pensjonar i Avinor. Ei eventuell streik vil starte fredag 29. juni klokka 10.00 og i første omgang råke ni flyplassar og Avinor sitt hovudkontor i Oslo.

    Sandane Lufthamn Anda
    Foto: Eva Marie Felde / NRK
  • Fire hovudutval i Vestland

    Fellesnemnda vedtok i dag dei fire hovudutvala for det nye Vestlandsfylket:
    1. Hovudutval for samferdsle og mobilitet
    2. Hovudutval for opplæring og kompetanse
    3. Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon
    4. Hovudutval for kultur, idrett og integrering
    – Namna på hovudutvala seier òg noko om dei politiske prioriteringane våre, seier leiar Anne Gine Hestetun (Ap) i fellesnemnda.

    Laster Twitter-innhold
  • Hamre har fått ny jobb

    Fylkesmann Anne Karin Hamre blei i Statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Hamre har vore fylkesmann i Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

    Anne karin Hamre
    Foto: Noralv Pedersen/NRK