NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • NRK-journalistar i streik

    Frå og med fredag 18.mai er alle journalistar i NRK Sogn og Fjordane som er organisert i Norsk Journalistlag tekne ut i streik. Difor vil ikkje nettsida nrk.no/sf bli oppdatert før streiken er over.

  • Bilførar stansa i Bremanger

    I Bremanger har ein politipatrulje stansa ein bilførar etter mistanke om køyring i rusa tilstand. Bilføraren blåste til over 1,5 promille og vart teken med til legevakt for blodprøve. Førarkortet er kverrsett og politiet opprettar sak.

    Laster Twitter-innhold
  • Trafikkuhell i Selje

    Ein bil er køyrd i grøfta ved Skorge i Selje kommune. Bilen har store materielle skadar, skriv Fjordenes Tidende. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, men bilføraren klaga over smerter i ryggen og vart køyrd til sjukehus. Politiet fekk melding om ulukka klokka 1613, og dei opprettar sak.

    Laster Twitter-innhold
  • Båt kantra i Sognefjorden

    Båt kantra etter å ha blitt overraska av vind og høge bølgjer. To personar hamna i vatnet, men kom seg i land på eiga hand. Dei varsla sjølve politiet. Båten dreiv ei stund på fjorden, men politiet seier at båten no er teken under slep.

    Laster Twitter-innhold