NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Straumbrot i Førde

    Straumen har gått i eit større område i Førde sentrum. Sunnfjord energi melder at dei jobbar med å få straumen tilbake så raskt som mogleg. Straumbrotet råkar områda frå sentrum opp mot Halbrendslia, Slåttebakkane og Reset.

  • Vil sikre godt språk på høgskulen

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal få ein tydeleg, nynorsk språkprofil, dersom styret godkjenner det. Ei gruppe har utvikla nye språkpolitiske retningslinjer som skal sikrel HVL ta ansvar for meir, betre og klarare norsk fagspråk, melder avisa På Høyden. – Om styret vedtek desse retningslinjene vil Høgskulen på Vestlandet vere den fremste i landet på dette området, lovar seniorrådgivar Georg Arnestad, som har leia arbeidet med språkpolitikken til HVL.

    Georg Arnestad
    Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK