NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Ingen semi for Fredriksen

    Det vart ingen semifinale for Sogndal-spelar Ulrik Fredriksen og det norske G19-landslaget i EM. Norge leia 1-0 over Italia, men sigeren glapp sju minuttar før slutt slik at det blir italienarane som følgjer Portugal til semifinalen. Torsdag spelar Norge derimot kvalifiseringskamp om retten til ein VM-plass.

    Ulrik Fredriksen
    Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball
  • Uvanleg hektisk for Airlift

    Dei mange skogbrannane i Sør-Norge har gjeve Airlift ein unormalt hektisk sommar. På det meste har helikopterverksemda i Gaular hatt to maskiner i sving for å sløkke skogbrannar. Mellom anna ved Bykle på Sørlandet. – Juli er vanlegvis ein roleg månad, men no har vi sett ei høgsesongbelastning som vi vanlegvis har i august og september, fortel kommersiell direktør, Børre Eimhjellen.

    Airlift sløkker skogbrann i Bykle
    Foto: Odd Sivertsen
  • Kom seg til kai for eiga maskin

    Seglbåten som tok inn vatn sør for Værlandet kom seg til kai på Bulandet for eiga maskin. Det opplyser Hovudredningssentralen. Båten vart fylgd til kai av andre båtar og eit helikopter, og er no fortøydd og har fått pumpehjelp.

Vegopning på Bergum i Førde kommune