NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • Ferdig som Førde-trenar

    Bjørn Totland blir erstatta av Gisle Isene som trenar for Førde Fotball sitt 3. divisjonslag for herrar. Det melder Firda.no. Spelargruppa vart orientert tysdag. Totland har kontrakt med Førde ut 2018 og skal halde fram som aldersfastlagd trenar. Førde ligg nest sist i divisjonen og har ni poeng til trygg grunn med 11 kampar att.

    Førde-trenar Bjørn Totland
    Foto: Oddleif Løset / NRK
  • Trailer med dynamitt fekk havari

    Ein trailer lasta med dynamitt har havarert i Amlatunnelen på riksveg 5 i Sogndal. Det er no manuell dirigering på staden, opplyser Vegtrafikksentralen i Bergen. Ein tungbilbergar er på veg. – Det var byrja å bli litt stygge forbikøyringar og med ein lastebil med sprengstoff kan vi ikkje ta sjansar. Vi stengde tunnelen, men når brannvesenet dirigerer trafikken har har vi kontroll på at farten er låg og at det ikkje skjer trafikkuhell, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

  • Se Vestlandsrevyen 20.55 her

    Programleiar: Jan Børge Leirvik
  • Rykkjer ut til trafikkuhell

    Politiet i Sogndal har rykt ut til eit mindre trafikkuhell i Sogndalsfjæra, der ein bilist og syklist har støytt saman. Politiet opplyser at det ikkje skal vere alvorlege skader.

Vegopning på Bergum i Førde kommune