NRK Sogn og Fjordane – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny
  • I gang med årets størjejakt

    «Hillarsøy» frå Bulandet er ein av to båtar som no er i gong med å leite etter makrellstørje langs kysten. Det skriv Fiskeribladet. Båten har ei kvote på 45 tonn. Det er like mykje som rogalandsbåten «Salvøy».

    Hillersøy
    Foto: Truls Kleiven
  • Møter oppsagt tilsett i retten

    Helse Førde møter i dag ein tilsett dei tidlegare sa opp i retten. Det skriv Firda. Helseføretaket meiner den tilsette tileigna seg verdiar og gjenstandar som høyrde til Helse Førde, og sa han difor opp. Mannen er ueinig i oppseiinga og meiner at Helse Førde overregarer. Han krev erstatning på inntil 600.000 kroner og at oppseiinga skal kjennast ugyldig. Det er sett av tre dagar til saka.

  • Overlast kosta dyrt

    Føraren av eit vogntog må ut med 23 600 kroner i gebyr etter ein kontroll av tungtransport i Førde i ettermiddag. Årsaka er at føraren hadde overlast på køyretøyet, som måtte lastast av ned til tillatt totalvekt. Føraren måtte også ta turen til næraste verkstad for å reparere bremsene på køyretøyet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune