NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Bil og moped krasja i Bjørnafjorden

    Ein ung gut på 16 år skal vere uskadd etter at mopeden han køyrde krasja med ein bil i Os sentrum i Bjørnafjorden i 18-tida. Dei skal ha hatt låg fart. Trafikken går som normalt i området, melder politiet.

  • Garasje fylt med røyk etter lyngbrann

    Brannvesen og politi rykka ut til Osøyro i Bjørnafjorden til melding om branntilfelle utanfor ein garasje. Noko lyng skal ha blitt påtent og har ført til at garasjen var fylt av røyk. Brannen vart sløkt av innringar, og brannvesenet dynka området med vatn. Politiet undersøker kva som har skjedd.

  • La ned Vevring skule

    Fleirtalet i kommunestyret i Sunnfjord har bestemt seg for å legge ned Vevring barnehage og skule ved Førdefjorden. Fleire politikarar tok til ordet og tala for å oppretthalde skulen, medan andre viste til at saka har vore utsett i fleire omgangar i påvente av betre utviklinga av elevtalet.

  • Ni fekk bot for å sjå på mobilen i bilen

    Politiet skreiv ut sju gebyr for manglande bruk av bilbelte då dei tok ein atferdskontroll i Rundehaugen og Vabakkjen på Heiane på Stord. I tillegg gav dei ni forenkla forelegg for å halde og bruke mobiltelefon.

Fleire nyhende