Generalforsamlinga i selskapet vedtok i går å betale ut nær 70 millionar kroner til aksjonærane i same året som 99 har måtte gå.
Underleg
Rolf Domstein. NRK-arkiv.
Rolf Domstein syns dette er ei underleg samankopling.
- Aksjonærane stiller opp når selskapet ikkje tener pengar men treng pengar, og Domstein har henta inn kring 400 millionar kroner frå aksjonærane sidan 2001. Og skal aksjonærane vere viljuge til å stille opp, må dei få sin del når vi tener pengar. Og det gjer vi no, seier Domstein.
Forstår
Også Reiel Fagerlid seier han forstår at aksjonærane vil ha sin del av kaka etter salet av Fjord Seafood.
- Men eg syns det ville vere veldig kjekt om Domstein investerte nye midlar her i Vågsøy, for vi treng sårt arbeidsplassar, seier SP-politikaren.