NRK Meny

98 millionar til idrettsanlegg

Fylkesrådmannen føreslår å setje av 98 millionar kroner i spelemidlar til nye idrettsanlegg dei neste fire åra. Det skriv Fjordingen. I framlegget blir det blant anna sett av 10 millionar kroner til fleirbrukshall i Hyllestad og 4,5 millionar til ein turnhall i Stryn. 73 av dei 197 anlegga som er kome innspel på er prioritert i framlegget til perioden 2016-2019.