Dette er betre enn budsjettert og seks millionar kroner betre enn i 2003, seier konsernsjef Ole Schanke Eikum.
59 millionar i utbytte
Med 95 millionar i pluss i fjor foreslår styret å gi eigarane eit utbytte på 59 millionar kroner. Dette vil Sogn og Fjordane Fylkeskommune eit utbytte på 28,2 millionar, BKK får 22,8 millionar og sju kommunar får 8,2 millionar på deling. Korvidt det også vil dryppe på den vanlege straumkunde i form lågare straumrekning vil ikkje Schanke Eikum seie noko om i dag.
Mykje vatn i magasina
Magasinfyllinga ved årsskifte var god, og med tanke på dei store snømengdene i fjellet, forventar Schanke Eikum eit like godt, om ikkje betre, årsresultat for 2005.