Hopp til innhold

937 nye statsborgarar i 2017

937 barn kom til verda i Sogn og Fjordane i fjor. Det melder Helse Førde. Fødselstalet for 2017 er dermed det høgaste i fylket sidan 2012, då kom det 1000 barn til verda i trivselsfylket. – Det er svært gledeleg at fødselstalet gjekk opp i fjor. Vi håpar dette held fram, seier avdelingssjef for Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav.

Tom Guldhav
Foto: Asgeir Reksnes / arkiv / NRK