Hopp til innhold

45 pasientar skulle allereie hatt behandling - men hamna på feil liste

93 pasientar ved Nordfjord sjukehus har hamna på feil venteliste. 45 av dei skulle allereie ha vore til behandling.

Pressekonferanse Helse Førde

PRESSEKONFERANSE: Viseadministrerande direktør Vidar Vie (f.v.), administrerande direktør Jon Bolstad, fagdirektør Hans Johan Breidablikk og Olav Hesjedal som direktør for medisinsk klinikk på pressekonferansen i føremiddag.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Etter ei revurdering viser det seg at 93 personar har rett til helsehjelp. Dei får no ventelistegaranti, sa administrerande direktør Jon Bolstad under ein pressekonferanse i Helse Førde måndag føremiddag.

I førre veke orienterte Helse Førde om at dei må gå igjennom sjukdomshistoriene til 200 pasientar med alvorleg symptom på nytt. Helseføretaket hadde grunn til å tru at det hadde skjedd ein svikt i vurderinga ved Nordfjord sjukehus.

No viser ein gjennomgang at 45 av desse pasientane allereie skulle ha vore inne til behandling på sjukehus.

– Vi har fått rydda plass til pasientar det hastar mest med, seier Bolstad.

Det er altså fristbrot for heile 45 pasientar ved Nordfjord sjukehus. For dei 48 pasientane går fristen ut i perioden september-november.

– No er det vår jobb å sørgje for at det ikkje blir fristbrot for desse også, seier han.

Dei fleste pasientane skal greie ut mage/tarm og hjarte/kar-sjukdommar. Det er også nokre få lungepasientar.

Jon Bolstad seier dei ser svært alvorleg på avvika dei har oppdaga.

– Helsetilsynet er varsla. Vi ber om orsaking for det som har skjedd til alle pasientane som har blitt ramma av dette, seier han.

120 pasientar har fått uendra vurdering etter gjennomgangen til Helse Førde.

No skal Helse Førde setje inn ekstra ressursar for å ta seg av alle garantipasientane. Dei vil ta i bruk dei medisinske poliklinikkane både i Førde, Florø, Eid og Lærdal.

I tillegg vil helseføretaket be om ei ekstern vurdering av arbeidet Helse Førde no har gjort med revurderingane.

Bolstad seier denne saka er svært belastande for dei tilsette og at han ikkje svarer på spørsmål om enkelttilsette.

– Dette blir behandla internt i Helse Førde, seier han.