Hopp til innhold

93 kommunar registrerer ikkje styreverva til kommunetoppane

Politikarar og rådmenn i 93 kommunar har framleis ikkje registrert styreverva sine eit nasjonalt register, åtte år etter at det blei oppretta. Det er ikkje eit forsøk på å halda ting hemmeleg, forsikrar ordførarar.

Kommunevåpen

FORENKLING, UTAN EFFEKT: Registeret blei i fjor gjort enklare å bruka, men det har ikkje ført til meir openheit om kva roller og interesser kommunetoppane i landet har. Illustrasjon

– Det er rett og slett ei forgløyming. Eg kan ikkje tenkja meg at nokon medvite har late vera å registrera seg, seier ordførar Matias Råheim (H) i Gaular.

– Rein sløvskap, seier ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) i Hyllestad.

– Ikkje godt nok. Dette får eg berre ta tak i og syta for at det blir gjort slik det er tenkt å vera, seier ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste) i Selje.

Unngå spekulasjonar

Dei er berre tre av ei rekkje ordførarar i landet som ikkje har skrive styreverva sine inn i eit ope register på nettet.

Sidan 2007 har kommunane sin interesseorganisasjon KS prøvd å få lokalpolitikarar, rådmenn og kommunalsjefar til frivillig å føra opp alle styreverva sine. Men etter åtte år manglar framleis 93 kommunar. Ein av dei er Selje. Ordførar Nygård lovar bot og betring:

– Eg òg ser behovet for at slike ting er heilt oppe i dagen, slik at det ikkje blir spekulasjonar rundt det.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jan Olav Gjerde

VIKTIG I SMÅKOMMUNAR: – Lokalpolitikarar er ofte òg engasjert i lag, organisasjonar eller verksemder. Difor er openheit om roller og interesser kanskje spesielt viktig i små kommunar, der ein ofte møter på dei same folka, seier ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Betente saker

Det er mange døme på at lokalpolitikarar har interesser i betente saker i ein kommune. I vesle Solund blei nesten halvparten av dei folkevalde ugilde då kommunestyret skulle seia ja eller nei til å byggja tre omstridde vindindustriparkar for tre år sidan.

– Lokalpolitikarar er ofte engasjert i lag, organisasjonar eller verksemder. Difor er openheit om roller og interesser kanskje spesielt viktig i små kommunar, der ein møter på dei same folka i ulike samanhengar, seier ordførar Gjerde i Hyllestad, ein av kommunane som ikkje har registrert seg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Morten Hagen

UNØDVENDIG DOBBELTARBEID: – Det krev både tid og ressursar å følgja opp eit slikt styrevervregister på ein god måte, seier ordførar Morten Hagen i Vågsøy kommune.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dobbeltarbeid

I Vågsøy diskuterte kommunepolitikarane om dei skulle føra seg opp i styrevervregisteret til KS, men sa nei inntil vidare. Sidan private og offentlege styreverv og stillingar allereie er å finna i Brønnøysundregistra og Kommuneregisteret, blir eit eige styrevervregister unødvendig dobbeltarbeid, meiner ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H).

– Ein må visa forståing for at registeret kan opplevast arbeidskrevjande, seier direktør Kjell-Torgeir Skjetne i KS.

KS gjorde difor i fjor styrevervregisteret sitt mindre innfløkt. Politikarane treng ikkje lenger sjølve skriva inn verva sine - det er nok med eit vedtak i kommunestyret eller fylkestinget, så kjem opplysningane automatisk inn – og blir årleg oppdaterte – i styrevervregisteret.

(Artikkelen held fram under biletet.)

KS-huset i Oslo

MANGLAR 93 KOMMUNAR: – Eit lett tilgjengeleg Styrevervregister betyr mykje for tilliten folkestyret og forvaltninga lokalt, seier KS-direktør Kjell-Torgeir Skjerve.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Fleire seier nei

Men forenklinga har ikkje gitt resultat. I dag er det fem færre kommunar som har registrert enn for eit år sidan. Skjetne meiner likevel registeret er viktig for å kontrollera at pol

– Det betyr mykje for tilliten folkestyret og forvaltninga lokalt. Me meiner registeret er lett tilgjengeleg for dei aller fleste og gir dermed meir openheit både for innbyggjarane og media.