Hopp til innhold

Fekk 900.000 i bot for ulovleg køyring

To utanlandske transportselskap har tilsaman fått 900.000 kroner i bot for ulovleg køyring med last i Norge.

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

AVSLØRTE FLEIRE SAKER: Statens vegvesen sine kontrollørar på Håbakken i Lærdal har avslørt fleire saker der utanlandske transportselskap driv med ulovleg transport i Norge.

Foto: Statens vegvesen

Det er transportmagasinet tungt.no som skriv om dei store bøtene til det litauiske selskapet Girteka Logistics UAB og deira samarbeidspartnar UAB Transportas.

– Dei har fått bøter på 400.000 og 500.000 kroner for brot på kabotasjereglane, seier politiadvokat Anders Johnsen ved seksjon for organisert kriminalitet i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Køyrde ulovleg fleire gonger

Eit utanlandsk vogntog som køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser. Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Det var like før jul 2011 at Statens vegvesen stoppa to lastebilar frå litauiske transportselskap, den eine på Voss og den andre i Lærdal. Vegvesenet politimelde selskapet for ulovleg transport i Norge.

Det såg ut til at det kunne gå mot rettssak, men no har begge selskapa vedteke førelegga. Førelegga omhandlar ulovleg kabotasje i fleire former. Dei har både teke fleire oppdrag i Norge enn dei har lov til og i tillegg køyrt inn i landet utan internasjonal last.

– For det eine selskapet dreier seg om fem forhold og for det andre fire, seier han.

Ville gi følbar reaksjon

Politiadvokat Anders Johnsen meiner selskapa har vore saman om ein del av dei ulovleg forholda.

– Når det gjeld føretaksstraff må vi opp på ein følbar reaksjon. Vi må ha eit visst beløp på bøtene, for eg ser forholda som økonomisk motiverte. Då er det på sin plass at det blir reagert med bøter i denne storleiken, seier Johnsen.

– Ser på det som ein lærepenge

Kestutis Cizikas som er sjef for Girteka i Skandinavia, seier til tungt.no at mangel på merksemd frå enkelte sjåførar er årsaka til regelbrota i 2011/2012.

– Dei kan difor utilsikta ha brote kabotasjereglane i Norge, seier han.

Selskapet erkjenner difor ikkje fullt ut det dei var tiltalte for, men Cizikas seier dei har ein policy om å respektere nasjonale og internasjonale lover og forskrifter og valde difor å vedta førelegget.

Han seier dei ikkje har hatt liknande saker sidan hendingane i 2011/2012.

– Vi ser denne straffa som ein lærepenge og har sett i gang ein handlingsplan for å fjerne risikoen for slike avvik på grunn av menneskelege faktorar, seier Kestutis Cizikas, seier han til tungt.no.