Hopp til innhold

79 av 108 skular i fylket deltek på Tinestafetten i morgon

Heile 90 prosent av elevane ved dei 79 skulane i Sogn og Fjordane som er påmelde til Tinestafetten i morgon, deltek. Det er rekordhøgt. Vi vil gjerne ha dine bilete frå løpsfesten.

Iherdig innsats

FIN DRIV: Over 100.000 elevar deltek i Tinestafetten i morgon. Her eit bilete teke frå stafetten i Vestfold eit tidlegare år.

Foto: Yngve Tørrestad

– Sogn og Fjordane har svært høg deltaking. Det er vel ingen som har så høg deltaking når ein ser prosentvis på tal elevar i høve kor mange elevar som finst, seier prosjektleiar i Tinestafetten, Karin Eftedal.

Ho peikar på at ved små skular i fylket, får også elevar i klassetrinn over og under, delta, noko som gjer at det i realiteten er endå fleire elevar i Sogn og Fjordane som deltek.

– Det utgjer nok litt, ja, seier Eftedal.

Fleire skular deltek med fleire lag

Tinestafetten har vorte arrangert i 21 år, og over 1,3 millionar skuleelevar har sprunge stafetten, som vert stadig meir populær.

Stafetten vert arrangert av Norges Friidrettsforbund, og er Norges største idrettsmønstring med deltakarar frå 6.–9. klasse på 273 arenaer.

– Vi er svært glade for at stadig fleire lag frå kvar skule deltek. Tinestafettern er ikkje ein tradisjonell konkurranse, men ein dag med fysisk aktivitet der vi ønskjer at alle skal ha moglegheit til å delta, seier Eftedal.

Av Sogn og Fjordane sine 108 skular, med elevar frå 6. til 9. klassetrinn, deltek 79 skular på stafetten i morgon, noko som er 73 prosent.

– Berre Aust-Agder, Hedmark og Vestfold har prosentvis fleire skular med, seier Eftedal.

Har fått fleire etterpåmeldingar

Leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, fortel at Sogn og Fjordane er kjende for høg deltakarprosent.

– Det har mellom anna å gjere med at vi har fleire og mindre arrangement, rett og slett for at flest mogleg skal få sjansen til å vere med. I eit fylke som vårt, må ein leggje til rette, seier Heggheim.

Han er svært nøgd med at Sogn og Fjordane ligg så høgt på statistikken.

– Det er fantastisk flott. Eg har nett fått etterpåmelding frå iallfall fem lag, så tala er i realiteten høgare også, seier Heggheim.

Narve Heggheim

POPULÆRT: Leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins, Narve Heggheim, er svært nøgd med at Sogn og Fjordane alltid stiller mannsterke på Tinestafetten.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Han har ansvar for arrangementet i Førde, og fortel at dette aldri har vore større enn i år.

– Dette arrangementet er populært, og det ser vi nasjonalt også. Det har auka år for år, seier Heggheim.

Han er også glad for at stafetten fører til meir løpsaktivitet i skulen i tida før stafetten.

– Vi ser at det genererer løpsaktivitet. Dei legg til rette og førebur seg før stafetten, og det tykkjer vi er bra, seier Heggheim.

Du kan vinne premie frå NRK

NRK Sogn og Fjordane vil gjerne ha ditt bilete frå Tinestafetten du deltek på. Hjelp oss å dokumentere Tinestafetten ved dei 79 skulane som skal delta.

Vi trekkjer ut tre vinnarar av alle dei som sender inn, som får NRK-effektar i premie.

Viss du vil sende bilete via e-post, sender du til: sffoto@nrk.no. Merk e-posten «tinestafetten».

Slik sender du med Instagram

Vil du sende bilete via Instagram, merkjer du dei med #nrksf, så hamnar dei på Instagram-kartet vårt, samt i galleriet vårt.

For å få med biletet på kartet til NRK Sogn og Fjordane, må du gi beskjed om kvar i fylket du er. Blir ikkje bileta geotagga, hamnar dei berre i biletstraumen under her og ikkje på sjølve kartet.

Ved å bruke emnemerket #nrksf godkjenner du at NRK kan publisere bildet i ei kvar redaksjonell samanheng på TV og nett.

Du må stå inne for at dei som er avbilda har godkjent bruken. Sjå meir informasjon om retningslinjer i faktaboksen til høgre.

Ved å sende video eller bilete, gir du oss løyve til å nytte dei på nettsidene til NRK. Stoff som blir brukt, blir lagd ut saman med namnet til fotografen. NRK skal ikkje selje bileta vidare.