NRK Meny
Normal

90 mill til E16 i Lærdal

I framlegget til statsbudsjett er det sett av 90 millionar kroner til ny vegparsell på E 16 mellom Borlaug og Voldum i Lærdal. Om to år er vegen klar til bruk.

Om to år blir det ny vegopning på E16 (arkivfoto)
Foto: NRK

Prosjektet omfattar 8,5 kilometer ny veg, medrekna 1,9 kilometer tunnel og tre bruer. Prosjektet vil føre til ei innkorting av E16 med om lag to kilometer, og det skal etter planen opnast for trafikk hausten 2008.

For stamvegstrekninga riksveg 7/riksveg 52 Hønefoss - Gol - Borlaug er det for 2007 føreslått ei statleg investeringsramme på 10 millionar kroner. Midlane vil bli nytta til mindre investeringstiltak, med hovudvekt på mindre utbetringar og tiltak for å gjere trafikken tryggare.

Forsøk og rassikring

Til ”øvrige riksvegar”, det vi seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det føreslått ei statleg investeringsramme på 142 millionar kroner. Av dette beløpet er 107 millionar kronar omfatta av forsøket med oppgåvedifferensiering knytt til samferdsel i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane (Vestlandsrådet), medan 35 millionar kroner er foreslått løyvd over den særlege posten ”Rassikring”. Midlane på denne budsjettposten kjem i tillegg til at det også innanfor ordinære riksvegløyvingar vil bli brukt vesentlege midlar til utbyggingstiltak som fører til rassikringsgevinst. I tillegg er det rekna med at Sogn og Fjordane får stilt til disposisjon 37 millionar kroner i bompengar.

Stedjeberget og Måløy-Raudeberg

Innanfor fylkesforsøket prioriterer Vestlandsrådet og fylkeskommunen å føre vidare arbeidet med rassikring av Stedjeberget på riksveg 55. Dette prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i mars 2007. I tillegg skal rassikringa førast vidare på riksveg 617, på strekninga Gotteberg - Kapellneset nord for Måløy. Prosjektet skal etter planen opnast for trafikk i oktober 2007.

Fatlaberget

Rassikringsmidlane er prioritert til prosjektet Fatlaberget på riksveg 55. I alt 62 millionar kroner er sett av til dette prosjektet, medrekna 37 millionar kroner i bompengar. Det er elles lagt opp til å starte rassikringa av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset) hausten 2007. Dette er ei framskunding i høve til handlingsprogrammet for 2006-2009. Anleggstarten er avhengig av at Vestlandsrådet går inn for å omprioritere midlar slik at prosjektet kan fullfinansierast innanfor planleggingsramma til rassikring for 2006-2015. 

Fatlaberget (arkivfoto)
Foto: NRK

Naustbukttunnelen i Årdal

I budsjettforslaget blir det vist til at Samferdselsdepartementet har gått inn for at Årdal kommune skal få høve til å forskottere arbeidet med rassikring av riksveg 53 ved Naustbukttunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal. På grunn av budsjettsituasjonen meiner departementet at tilbakebetaling frå Staten først kan skje seint i perioden 2010-2015. Dersom Årdal kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sluttar seg til dette opplegget, er det venta at anleggsarbeidet kan ta til hausten 2007, går det fram av budsjettforslaget.

Leiar Are Indrelid i Årdal industri  seier dette var viktig for Årdal og industrien der.

- For oss er det veldig viktig, for vegen er hovudtransportåra for transport av råstoff til aluminiumfabrikken i Øvre Årdal. Kvart år blir det frakta ein million tonn, og vi er veldig avhengige av at det er høg regularitet. Vi hadde håpa på klarsignalet, og dette er gledeleg. 

Naustbukttunnelen på riksveg 53
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Pengar på etterskot til Rv5

Innanfor investeringsramma for E39 Bergen - Oslo med tilknytingar er det lagt til grunn 45 millionar kroner til utbygging av riksveg 5 mellom Førde og Florø, som blei gjort ferdig i 2005. Av dette beløpet er 40 millionar kroner statleg tilbakebetaling av forskott som tidlegare er mottatt frå lokalt hald. På E39-strekninga prioriterer ein elles mindre investeringstiltak, med hovudvekt på tiltak for å gjere trafikken tryggare. 

Olden - Innvik
Foto: NRK

Ikkje start på Olden-Innvik

Den dårlege strekninga mellom Olden og Innvik på riksveg 60 får ikkje pengar til oppstart av utbetring av vegen. Forkjempar for vegen Johanna Nygjerd hadde venta pengar, og ho er vonbroten.

- Eg er veldig skuffa over det, for fylkesfleirtalet ynskte at når ein var ferdig å bruke dei åtte millionane som den forrige regjernga løyvdeså skulle vi få 11 millionar i ekstraløyving, men det har ikkje skjedd.

90 mill til asfalt

Regjeringa set av om lag 100 millionar til vegvedlikehald på Vestlandet. Ifølgje samferdsleminister Liv Signe Navarsete betyr det mellom anna 90 kilometer med ny asfalt på riksvegane i fylket i 2007. 

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser