No åtvarar 90 åringen andre, for sjølv føler ho seg lurt. - Eg tykkjer det er synd at nokre reiser rundt på denne måten og lever av å lure folk, seier Birkeland.
- Kjapt arbeid
Huset til Gudrun Birkeland. Foto: Cosmin Cosma, NRK
Men det heile starta nokså greitt. Mennene tilbydde å måle taket for 2000 kroner. Og sidan taket trengte eit målingsstrøk, sa ho ja. Nevøen Knut Bruland bur i same tunet som Gudrun, og han såg at det plutseleg var folk som jobba på huset til 90-åringen.
- Dei spylte taket veldig fort, og så var dei vekke ei lita stund. Så tok dei to kjappe strøk på taket. Tidleg neste morgon var det rett i banken, seier Bruland.
Vart 15.000
Mennene gjorde altså unna jobben på ei lita kveldsstund og var veldig ivrige etter å få pengane. Difor køyrde dei ho ned til banken tidleg neste dag, men då hadde prisen gått opp frå 2000 til 15.000 kroner.
- Eg vart paff, eg trudde ikkje at det hadde vorte så gale, seier Gudrun Birkeland. Mennene køyrde glade avsted og no føler ho seg kraftig lurt.
- Høgsesong for svindel
Kjell Fonn. Foto: Cosmin Cosma, NRK
Lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, seier det er høgsesong for folk som reiser rundt og tilbyr denne typen tenester. Han meiner difor at det er grunn til å vere ekstra forsiktig.
- I sommarhalvåret dukkar det opp personar som tilbyr tenester, som til dømes skifte takrenner eller fikse på bordkledning. Dei nemner ein pris, men ofte vert den langt høgare til slutt, seier Fonn. Han oppmodar folk om å avvise folk som kjem på døra for å tilby tenester.