– Det var veldig hardt å bli stempla som homofil på 30-talet

HYLLESTAD (NRK): Frå leilegheita si på aldersheimen har 90 år gamle Norvald Tveit skrive ein roman om homofili og bygdesladder. Sjølv kallar han boka ei kjærleikshistorie.

Norvald Tveit

DET VERSTE: – Dette med å vere homofil i 1920 og 1930-åra det var jo det verste som kunne skje eit menneske. 90 år gamle Norvald Tveit skriv om homofili og bygdesladder i si nyaste bok.

Foto: Oddleiv Apneseth

– Det var veldig hardt å bli stempla som homofil på 30-talet i ei lita bygd på Vestlandet.

Det seier den 90 år gamle forfattaren Norvald Tveit. Frå leilegheita på Eiklund omsorgssenter i Hyllestad har han skrive si siste bok. «Dama» handlar om homofili, bygdesladder, og det å vere annleis på ein liten stad. «Dama» er inga dame, men heiter Sylfest.

– Slik som han blei utsett for, er ikkje slikt som folk kavar seg opp over i same grad som før. I dag er det å vere homofil godtatt i dei fleste kretsar, men den gong var det som å bli stempla som gift, seier Tveit.

Ei kjærleikshistorie

For han blir snakka om, Sylfest eller «Dama». Fordi han er litt feminin, flink til å jobbe med hendene. Bygdesladderen seier at han er homofil, noko som ifølgje forfattaren ikkje stemmer. Sylfest blir gift med den flottaste kvinna i bygda, og dei får barn. Derfor er boka også ei kjærleikshistorie.

– Kjærleiken held heile boka gjennom, så det er ingen problem med den, seier Tveit.

– Det var ingen som rekna med at det skulle bli noko mannfolk av han, men han fekk den flottaste jenta i grenda som han gifta seg med og fekk ungar med. Men stempelet «Dama» hang ved han.

Bokslepp Norvald Tveit

SIGNERING: Tveit debuterte som forfattar i 1960, og er særleg kjent som dramatikar. Her signerer han bøker under boksleppet til «Dama» i Hyllestad.

Foto: Ole Heilevang / NRK

I desember rundar Tveit 91 år. Drivkrafta for å skrive er framleis sterkt til stades.

– Drivkrafta er det som er drivkrafta hos ein skrivande mann, at ein har lyst å fortelje historia.

Skriv om utanforskap

Det er snart 60 år sidan Tveit debuterte som forfattar. Då kom «En sjel og en skjorte». Sidan har han vorte særleg kjend som dramatikar. Det å skrive om utsette grupper har vore med han heile vegen.

– I ungdomen viste det seg at pleieforeldra ikkje var foreldra mine i verkelegheita. Det var jo eit sjokk å få vite det. Det skjedde vel eit eller anna som gjorde at eg følte meg litt som ein som stod utanfor, seier han.

Temaet ser ein mellom anna i stykket «Splint», som er mellom dei mest spelte i nyare norsk dramatikk.

– Dei stod jo utanfor, dei var ei folkegruppe som samfunnet såg ned på og mistenkte for likt og ulikt. Dette har eg forståing for, seier Tveit.

Tidlegare teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad, meiner nettopp dette kjenneteiknar forfattarskapen hans.

– Det er gjennomgåande at han alltid tek den svake part si side. Han tek vare på splinten, kvinna. No har han skrive roman om homofili i eit trongt miljø. Han løftar gjerne fram dei som har utfordringar i samfunnet, seier Lyngstad.

Finn karakterane i bygda

Tveit sjølv er godt kjend med å skilje seg ut. I barndomen og ungdomstida blei han ofte peikt på, fortel han.

– Eg var stor i kjeften og fann på ting. Når noko gale hadde skjedd fall ofte mistanken på meg. Så dette har eg litt kjennskap til.

Også på andre måtar har han oppveksten med seg i det han skriv. Små bygdesamfunn på 1930-talet var noko heilt anna å vekse opp i enn dei er dag, seier han.

– Det var mange originalar og spesielle typar, og mykje fattigdom i distrikta rundt om. Folk hadde lettare for å bli aggressive og finne feil ved kvarandre enn dei har i dag.

For å kunne skrive drama treng ein nettopp typar som skapar handling og bevegelse, meiner Tveit.

– Det nyttar ikkje lage dramatikk av berre snille folk.

Norvald Tveit og Torkjell Djupedal

BOKSLEPP: Denne veka var det bokslepp for romanen «Dama». Her er forfattaren Norvald Tveit saman med forlagssjef i Selja forlag, Torkjell Djupedal.

Foto: Ole Heilevang / NRK