Hopp til innhold

Hevdar 90 arbeidsplassar ved filetfabrikk i Måløy står i fare

Domstein Fish i Måløy slit med å tene pengar og det er ikkje sikkert at filetproduksjonen held fram til neste år. Fiskeribladet Fiskaren skriv i dag at 90 arbeidsplassar står i fare.

Domstein

FARE: 90 arbeidsplassar skal stå i fare ved Domstein Fish i Måløy.

Foto: NRK

Administrerande direktør Rolf Domstein seier til Fiskarbladet Fiskaren at han ikkje kan garantere at Domstein Fish vil ha filetproduksjon i Måløy til neste år.

Det jobbar i dag 90 personar ved fabrikken. Domstein presiserer at sjølv om ting er usikkert finst det i dag ingen konkrete planar om nedlegging av filetfabrikken på Trollebø.

Domstein seier til Fiskeribladet Fiskaren at det er svært vanskeleg å drive ordinær filetproduksjon i Norge. Selskapet har satsa på produkt basert på råstoff med svært høg kvalitet, ei kvalitetsnisje som skulle erobre den norske marknaden med kresne kjøparar.

Men ifølgje Domstein er ikkje marknaden og volumet her til lands stort nok til at dei kan utnytte fabrikken i Måløy godt nok i forhold til ein norsk nisjemarknad, skriv nettstaden.

– Det er ikkje mange nok som har til no har vore villige til å betale den meirprisen som følgjer med slike høgkvalitets filetprodukt, seier Domstein til avisa.

Den administrerande direktøren seier vidare at dei som alle andre filetprodusentar slit med å tene pengar. Samtidig er han klar på at dei ikkje har andre planar enn å drive fabrikken vidare. Samtidig vedgår han at situasjonen er utfordrande.

– Vi ser på korleis vi kan bruke fabrikken på andre måtar enn det vi gjer i dag, seier Domstein men vil overfor avisa ikkje seie noko om kva som kan vere alternativ drift.

NRK har konfrontert Rolf Domstein med påstandane som kjem fram i Fiskarbladet Fiskaren i dag. Han vil ikkje kommentere saka utover opplysningane i avisa.