NRK Meny
Normal

87 personar utan straum etter at kraftstolpar knakk tvert av

Natt til i går datt fleire straumlinjer ned i Ytre Solund. Kraftselskapet jobbar på spreng for å ordne opp, men 87 personar er framleis utan straum.

Knekte straumstolpar i Solund

AVBROTNE: Vekta av is og snø vart for tung å bere for desse kraftstolpane i Solund.

Foto: Gunnfrid Eide

– Tidleg i går kom det store mengder snø og is på kraftlinjene i ytre Solund. Fleire stadar vart lasta for tungt for stolpane som høgspentlinja heng på og det førte til at ein del linjer datt ned, seier Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Arild Fleten

JOBBAR PÅ: Nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten, seier dei har sett store krefter inn for at alle skal få straumen tilbake så fort som råd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han fortel at kring 300 kundar i Ytre Solund stod utan straum i går ettermiddag. Kraftselskapet jobba intensivt utover kvelden og natta i går, og vidare utover dagen i dag. No er store delar av nettet er oppe og går, men framleis står 87 abonnentar utan straum.

– Vi har eit stort mannskap i sving og håpar å kunne gi straumen tilbake til dei fleste av desse kundane i løpet av kvelden, seier Fleten.

Avbroten høgspentlinje i Solund

DRAMATISK: Slik ser det ut når store mengder is og snø vert for tunge for høgspentmastene slik at dei knekk rett av.

Foto: Gunnfrid Eide

Sjeldan tung last

Ising saman med tung snø har gjort til at lasta har vorte for tung for fleire av straumstolpane i Ytre Solund. Fleten fortel at dette er svært uvanleg i dette området.

– Det har rett og slett vore svært store krefter i sving som har gjort til at mastene har brote tvert av. Dette er slett ikkje vanleg i Solund, seier Fleten.

Han fortel at kundane vil få straumen tilbake fortløpande utover kvelden og at dei gir informasjon heile tida. Men nokre må vente litt lenger.

Nokre må vente

– Det er to fritidsbustadar som vi ikkje klarer å få ordna straum til i kveld. Dei det gjeld har fått beskjed slik at dei kan redde mat ifrå frysarar og liknande, seier Fleten.

– Elles får alle tilbake straumen i kveld?

– Det er i alle fall det vi jobbar for. Vi har 18 mann i sving der ute og ein god del aggregat som vi koplar opp midlertidig slik at folk får straum no. Vi skal i alle fall gjere vårt beste for å få ordna opp så fort som råd, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Arild Fleten.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.