NRK Meny
Normal

87-åring i 97 år gamal sportsbutikk

SANDANE (NRK): I 1920 opna Olav K. Henden sportsbutikken OK Henden i Sandane. 97 år seinare er son hans, 87 år gamle Kristen Henden, framleis på jobb kvar dag i familiebedrifta.

Kristen Henden held eit par ski.

VETERAN: 87-åringen trivst godt på jobb.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Olav K. Henden, opna sportsbutikken OK Henden i 1920. Sjølv om han utdanna seg til børsemakar i Bergen, satsa han på sportsbutikk i Sandane.

– Han hadde påtrykk av far sin om å komme heim og begynne med eitkvart, fortel Kristen Henden.

Far til Olav hjelpte til med finansieringa av butikken.

– Ja, det står i kasseboka som vi har tatt vare på at han hadde femti kroner sjølv, og så lånte han femti kroner av sin far, seier Kristen Henden.

Og då var han i gang.

Kristen Henden og Arne Henden framfor butikken ein gong i 1937-38.

TO STOLTE BRØR: Kristen Henden (t.v.) med broren Arne Henden framfor butikken i 1937 eller 1938.

Foto: Privat

Bygde syklar i butikken

Då butikken opna satsa børsemakaren på syklar og våpen. Syklane bygde dei sjølv i butikken.

– Ja, far min fann ut at det var sikkert litt pengar å tene på det, så han kjøpte inn rammer og lause deler og alt som skulle til for å montere ein sykkel den gongen, fortel Henden.

Unge Henden, som byrja å jobbe i butikken då han var rundt 10–15 år, måtte hjelpe til.

– Vi stod på verkstaden og skrudde saman syklar. Vi eika opp alle hjul, og så blei det montert, seier han.

Namnet på sykkelen var Firda, og det namnet stod på eit skilt som blei montert framme på ramma.

Syklar i butikken til OK Henden 13.mai 1968.

BYGDE SJØLV: Syklar i butikken i 1968.

Foto: Privat

Sportsbutikken då og no

Utvalet i sportsbutikken var mindre før.

– Der var syklar og litt sko og bindingar som var inventaret då. Så kom det litt etter kvar med kle og utstyr til både det eine og det andre, seier Henden.

Etter kvart fekk folk meir pengar, det kom fleire sportskjedar til, og utvalet av varer vart større.

– Vi måtte prøve å vere med på det, seier Henden.

No skiftar butikken namn igjen, frå G-sport til Intersport.

– G-sport har vore innarbeidd i firmaet ifrå det starta omtrent, men det er same kjeda som har både Intersport og Gsport, så det er same konseptet som ligg bak, seier Henden.

Familiebedrifta blir vidareført

Dottera til Kristen Henden, Olin Johanne, vidarefører no verksemda.

– Det var ei glede å vite at ho ville overta. Det er kjekt når den tredje generasjonen vil fortsetje ei familiebedrift, seier Henden.

Kristen sjølv er framleis i butikken kvar dag.

– Nei, så lenge eg er oppegåande og ikkje blir sparka ut av butikken så ... Eg liker jo å komme inn her og vere blant dei tilsette. Det er eit godt fellesskap og ein god tone her, så det er kjekt, seier Henden.

– Og du fortset til du er hundre?

Så lenge eg blir velsigna med ei helse som held, så går det, smiler Henden.

Kristen Henden står i sportsbutikken.

FAMILIEBEDRIFTA: Kristen Henden står i sportsbutikken far hans starta.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Vegopning på Bergum i Førde kommune