Hopp til innhold

8000 kroner i bot for konevald

Mannen som vart frikjend for vald mot kona, fordi retten meinte ho hadde krenka han ved å vere utru, vart dømd i Gulating Lagmannsrett.

- Vi er sjølvsagt skuffa. Det er ikkje bota som er det verste, men at han vert dømd for noko han burde vore frikjent for, seier Jan Tollefsen, som er advokat til den dømde sogningen.

Sparka og spytta

Historien startar hausten 2004 då kona til den dømde sogningen kom heim frå helgetur. Ho hadde sagt ho skulle besøka ei vennine, men fortalde då ho kom heim at ho hadde møtt ein annan mann. Ho sa også at dei hadde hatt det svært fint, og at ho ville skiljast. Mannen reagerte då med å sparke og spytte på kona.

Sogn Tingrett frifann i 2005 mannen for vald, og forsvarte valdsbruken med at mannen vart utsett for ein kraftig provokasjon. Politiet sa dei ikkje ville anka dommen, men på grunna av mange reaksjonar og meidaoppslag anka statsadvokat Bjørn Soknes saka. Han la i Gulating lagmansrett ned påstand om 21 dagars fengsel på vilkår og ei bot på 5000 kroner.

- Bot held lenge

Men lagmannsretten meiner mannen kun fortener ei bot på 8000 kroner, og at det ikkje er grunn til fengselsstraff. Mannen slepp også å betale erstatning. Men retten legg likevel vekt på at det ikkje er utført ein provoksajon i forkant av valdshandlinga som gjev rom for å frifinning.

- Vi har fått gjennomslag for det vi meinte. Ein fellande dom og ei relativt mild straff er ei rett resultat, seier Soknes.

- Ikkje noko stor valdssak

I dommen står det at saka har blitt ei stor påkjenning for mannen fordi den har blitt framstilt som ei større familievaldssak, noko retten meiner den ikkje kan samanliknast med.

Tollefsen seier klienten hans ikkje har bestemt seg for om han vil anke saka til Høgsterett.