Det er produsentane Nordfjord Kjøtt, Fatland og Kurås som har levert kjøttdeigen, og ein stor del av partiet er kome ut i butikkane.
Sjekk frysar og kjøleskap
Direktør for helse- og hygiene i Mattilsynet, Stein Ivar Ormsettrø, ber no folk om å sjekke frysarar og kjøleskap.
- Noko av kjøtdeigen ligg på lager hos produsentane, noko er i butikkane, men ein stor del ligg nok i frysarane heime hos folk. Dei som har frosen kjøtdeig må sjekke produsent og best før-dato og sjekke opp mot lista som Mattilsynet legg ut. Sjå lista her. Står kjøtdeigen må lista, må den leverast tilbake til butikken, seier han.
Ikkje et kjøtdeigen
Ormsettrø seier at folk ikkje må ete kjøtdeigen, for den inneheld salmonellabakterier som kan gje alvorleg tarminfeksjon med langvarig diare og feber.
- Kan vi vere heilt sikre på kvar råvarene til kjøtdeigen kjem frå?
- Nei, det er ikkje krav til merking av kva land råvarene kjem frå, men dei fleste produsentane det her er snakk om har merka pakningane med at det er utanlandske råvarer, seier han.