NRK Meny
Normal

Klar for sitt 62. turnstemne

Nær 800 turnarar frå åtte fylke er i helga samla i til stemne i Stryn. Sjølv om yngre krefter har tatt over mykje av ansvaret, held veteranane koken.

Stryn Turn

ERFARNE DAMER: Malene Lilleheim og Oddrun Frausing skal i elden både som arrangørar og utøvarar når turnarar i helga flokkar seg i Stryn.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Eg har vore instruktør i 60 år. Dette blir mitt 62. turnstemne.

– Og du skal utpå bana på og turne denne gongen også?

– Ja, det håpar eg då!, ler Malene Lilleheim (79).

Heilt sidan torsdag har turnarar strøyma til Stryn. 750 deltakarar har meldt sin deltaking når Stryn Turn og Idrett laurdag og søndag arrangerer Vestlandsturnstemne.

– Det kjem 57 lag. Turnarane kjem frå Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Hedmark, Oppland og Sogn og Fjordane, opplyser Lena Sandbakk Kjøsnes i arrangørkomiteen.

Veteran-damene i Stryn Turn og idrettslag er klar for nok eit stemne.

SJÅ VIDEO: Det er lite å utsetje på koreografien når veterandamene i Stryn varmar opp.

200 på dugnad

200 frivillige er i sving for å få arrangementet i hamn. Mellom dei 60 born som skal bere plakatane under defileringa eller opptoget søndag.

Til avisa Fjordingen fortel Tone Lise Loen at det er litt av ein matdugnad som må til for å mette nær 800 munnar:

– Foreldre har stått på og baka, og det skal smørjast på 450 bagettar som er førehandstinga til heimreisa. I tillegg er det baka kaker og 800 horn til kafé og kiosk, seier ho til avisa.

Saman med Malene Lilleheim er Oddrun Frausing av dei som verkeleg kan kalle seg turnveteranar. Frausing har også plass i arrangørkomiteen.

– Eg gler meg til at vi skal komme i gang. Dette har vi førebudd oss på i eitt år. Det er mykje som skal vere på plass. Eg har mellom anna hatt ansvar for bane og lyd. Vi har fått nytt lydanlegg på stadion i høve turnstemnet, fortel 72-åringen.

Stryn Turn

ARRANGØR: Stryn Turn og Idrettslag byr inn til idrettsfest i helga. Frå venstre; Arnt Magne Fredheim, Lena Sandbakk Kjøsnes og Tone Lise Loen.

Foto: Henrik Agledal / NRK

340 skal i aksjon på same tid

Trass mange gjeremål på arrangørsida, forsikrar damene om at dei også skal delta, men deira tur kjem ikkje før søndag.

– Vi har eit fellesprogram søndag som vi har øvd på, fortel Lilleheim.

– Vi håpar at mange møter opp og ser på, seier Frausing og forklarer:

– 11.30 skal det vere defilering. Då tek turnarane oppstilling to plassar i bygda, så møtest vi midt inne i sentrum og går i felles tog ut til stadion. Sjølvsagt med musikk. På stadion vil 340 turnarar vere i aksjon på ein gong. Det blir litt av ei syn, lovar veteranen som er teknisk ansvarleg for arenaen.

Før opptog og turnoppvisinga søndag, er turnarane samla til hagegrillfest i Loen laurdag kveld.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.