NRK Meny
Normal

Kulturminne frå middelalderen kan gå tapt ved kyrkje i Luster

Eit nytt gravminne i Sogn og Fjordane kan gå tapt. Denne gong ved Fet kyrkje.

Gravminne ved Fet kyrkje i Hafslo

KAN GÅ TAPT: Tidlegare fylkesarkivar Hermund Kleppa fryktar at dette gravminnet ved Fet kyrkje kan gå tapt.

Foto: Hermund Kleppa

Det er tidlegare fylkesarkivar, Hermund Kleppa, som i dagens Sogn Avis ropar varsku for det mellom 700 og 800 år gamle gravminnet på kyrkjegarden i Indre Hafslo i Luster.

– Etter Kulturminnelova er det automatisk freda, seier Kleppa.

Åtvara for 20 år sidan

Gravminnet er truleg frå 1200-talet, og blir av Kleppa skildra som eit verdfullt minne om Fet som gamal kyrkjestad og kyrkjegard.

Fet kyrkje

GAMALT: Dagens kyrkje var bygd i 1894, men ein veit at det har vore kyrkje på Fet sidan 1200-talet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I 1994 var steinen, som også er ein Stedjestein, så forvitra og mosegrodd at han varsla Riksantikvaren.

– No i 2012 er stoda den same, seier han til avisa og undrar seg over kven som har ansvaret for gravminnet.

Viser til fellesrådet

I 1994 opplyste Riksantikvarnen at det i første instans er forvaltaren av kyrkjegarden, det kyrkjelege fellesrådet, som har ansvaret.

– Det fellesrådet kan gjere, slik eg ser det, er å gjere overordna instansar merksam på at her må noko gjerast, få brakt under tak, sikra på forsvarleg måte, få ordna med skjøtsel, vedlikehald og folkeopplysning, seier han til Sogn Avis og er usikker på om så har skjedd.

Ynskjer kopi

Kleppa har også engasjert seg kring runesteinen ved Stedje kyrkje i Sogndal. Den kring 1.000 år gamle runesteinen vart i vinter øydelagd under snørydding.

Før helga vart også ein keltisk steinkross frå år 1023 øydelagd utanfor Eivindvik kyrkjegard i Gulen. Ironisk nok skjedde det i eit forsøk på å hindre at krossen vart øydelagd.

– Eg har teke til orde for å berge originalen og setje opp ein kopi på staden, seier Kleppa om runesteinen på Stedje.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.