Hopp til innhold

80 personar stod på start for å køyre Heggmyrane rett ned

For sjuande året var det duka for fjelltelemarkrenn i Luster. Over 80 personar sette utfor og køyrde alt dei var gode for i løypa med 670 høgdemeter.

Heggmyrane rett ned

– Det gjekk bra i år igjen. Ingen vart skadde, men det var mange som hadde seg ein tur utanfor løypa, seier ein av arrangørane bak rennet, Jan Sølve Haugen.

Raskast ned var Arthur Brynjulfsen frå Hafslo IL, som kom i mål på 2.41.96.

Folk i alle aldrar hadde møtt fram for å køyre så raskt dei klarte ned løypa på 670 høgdemeter. Fjelltelemarkrennet har innlagde portar som løparane må passere gjennom, og mot slutten ei utfordrande reiplykkje mot slutten.

Mange ville køyre Heggmyrane rett ned i helga.

VELLUKKA: Arrangørane var godt nøgde med at 80 personar sette utfor i løypa og gav alt dei hadde ned bakkane.

Foto: Christian Blom

– I reiplykkja var det mange som sleit. Etter ei tøff nedkøyring er det tøft å ta seg gjennom 360 grader, så det var mange som fekk merke det i beina då, seier Haugen.

Hopp høyrer også med i eit fjelltelemarkrenn, men på grunn av lite snø klarte ikkje arrangøren å få det på plass.

– Det er eit lågterskelrenn og rekrutteringsrenn, med mange ungar som stiller til start. Mange av foreldra hiv seg også med og prøver seg i løypa. Først og fremst er det løparar frå Sogn, men det var også nokre frå Jølster som hadde teke turen, fortel Haugen.