Hopp til innhold

80 millionar gjekk tapt i konkurs

Dørfabrikken Dooria skulle gje Årdal-samfunnet nye arbeidsplassar då Hydro vakla. Når det no blir sett punktum i konkursen, har over 80 millionar kroner gått tapt.

Dooria

PUNKTUM: Snart blir det sett endeleg punktum i Dooria-konkursen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Berre ein investor får utbetalt pengar etter Dooria sitt konkursbu. Når alt utstyret no er selt, sit konkursbuet att med mellom 12 og 15 millionar kroner.

– Det er klart at det har vore stygge tap for mange. Det vil fort vere langt over 80 millionar kroner, seier bustyrar Andreas Rønnekleiv som snart set punktum i den mest omfattande konkursrapporten han nokosinne har skrive.

32 mista jobben

Fabrikken på Årdalstangen skulle vere redninga då Hydro trappa ned aluminiumsproduksjonen ved Årdal Verk. I 2007 hadde kring 60 personar sin arbeidskvardag i det nyreiste bygget.

Men fabrikken sleit tungt. Fire år seinare gjekk styret i Dooria Årdal inn for å krevje oppbod. 32 personar mista jobben.

– Allereie hausten 2011, då skreiv eg førebels melding i underkant av 95 millionar kroner i krav, fortel Rønnekleiv.

Fekk inn 58 krav

Bustyraren har fått inn 58 pengekrav etter konkursen. Fleire utanlandske verksemder lukta på restane etter Dooria-konkursen.

Når alt av utstyr og maskiner no er selt, er mellom 12 og 15 millionar kroner det konkursbuet endar på.

Det meste av utstyret har gått i kring 100 lastebillass ut av landet til Aust-Europa. Og heile konkursbuet går til Sparebanken Sogn og Fjordane som hadde pant i utstyret. Ingen andre kreditorar vil få att pengane sine.

– Akseptabelt oppgjer

– Vi ser på det som eit akseptabelt oppgjer, seier Asgeir Bjørdal, advokat for banken.

Kravet til fylkesbanken var på kring 24 millionar kroner.

– Det har gått gale, men ikkje så aller verst heller i høve til korleis det kunne gått. Du kan tenkje deg sjølv, det å selje ein heil fabrikk. Det står ikkje kjøpar på første nes og tek imot og vil kjøpe den fabrikken, held Bjørdal fram.

Trur på ny aktivitet

Arild Ingar Lægreid

ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid.

Foto: Birger Meland / NRK

I Årdal står eit fabrikkbygg til 70 millionar kroner ledig til leige. Ordførar i Ap-bastionen Arild Ingar Lægreid vel å vere forsiktig optimist med tanke på ny aktivitet i det 8.000 kvadratmeter store bygget..

– Det er ikkje så greitt å sjå på, men no ligg bygget der og mogelegheitene vil nok vere der, seier han.

Selskapa Årdal Utvikling og det statlege eigedomsselskapet SIVA arbeider saman med tanke på å få nye aktørar inn i bygget.

– Vi får sjå etter kvart kva som er mogeleg å få til. Det ligg eit flott bygg og tida er kanskje ikkje heilt rett no, så vi vil bruke litt tid å jobbe med dette, seier Lægreid.

– Har godt håp

Prosjektsjef Jørgen Andersen i SIVA, som eig bygget, deler årdalsordføraren sin forsiktige optimisme.

– Det er jo ikkje veldig enkelt, men vi har godt håp. Vi skal klare å få det til, seier han.

– Korleis ser Dooria-prosjektet ut økonomisk for SIVA sin del?

– Slik vi ser det i dag trur eg vi skal klare å komme nokolunde greitt ut av det, men då er det naudsynt at vi får leigd ut av det.

NB: NRK.no skreiv først at staten åleine hadde spytta inn 80 millionar kroner i Dooria. Det er ikkje rett: Fabrikken tok imot eit tilskot på 13 millionar kroner frå Innovasjon Norge, og tok i tillegg eit lån i Sparebanken Sogn og Fjordane. Ein fekk også midlar til etableringa til SIVA i Årdal, men har var Dooria berre ein leigetakar. Heller ikkje SIVA nytta seg av lånetilsegnet frå Innovasjon Norge.