Hopp til innhold

8.400 skadde og drepne på 36 år

Ulukka i Jølster torsdag er blant dei største som har skjedd i fylket sidan 1977. I same periode har 8.397 personar blitt skadde eller drepne i trafikkulukker i Sogn og Fjordane.

Trafikkulukke i Våtedalen

KRAFTIG: Dødsulukka i 80-sona gjennom Våtedalen er den alvorlegaste trafikkulukka på åtte år i Sogn og Fjordane.

Foto: Runar Sandnes

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

AVDELINGSDIREKTØR: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tre personar omkom, medan ein 49 år gamal mann vart moderat skadd i den kraftige frontkollisjonen i Våtedalen 2. juledag. Ein ni år gamal gut kom frå ulukka med lettare skader.

Ulukka er den som har kravd flest menneskeliv på vegane i fylket, sidan tre personar omkom i ein frontkollisjon på riksveg 15 ved Vindfylletunnelen i Eid for ni år sidan.

– Spesielt i julehelga så går våre tankar til alle dei som er involverte i den type ulukke, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde hos Statens vegvesen.

Dystert trafikkår

ulykkesbussen

SJU OMKOMNE: Turistbussen vart treft av sponplater frå ein forbipasserande lastebil ved Ljøsne i Lærdal.

Foto: Mads Rekve

Ei kvar ulukke er i seg sjølv ein tragedie. Og 2013 har vore eit nytt tragisk år på vegnettet i Sogn og Fjordane. Tal omkomne er det høgaste sidan 2004, med 12 trafikkdrepne så langt i år.

Ei oversikt Statens vegvesen har utarbeidd for NRK, viser at det sidan 1977 er registrert 25 trafikkulukker med to eller fleire drepne.

I same periode er også bilane blitt både fleire og større, samt naudetatane betre rusta til å berge liv. Vegnettet er også blitt betre i løpet av dei 36 åra.

Likevel er 332 drepne, 1.182 personar hardt skadde og 6.889 lettare skadde på vegane i fylket siste 36 år.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Dei største ulukkene i Sogn og Fjordane sidan 1977

Vekedag

Dato

Klokke

Uhellskode

Drepne

Veg

Kommune

Fartsgrense

Busetnad

Stadsforhold

Føreforhold

Fredag

12/23/77

1230

Einsleg køyrety køyrde utfor på venstre side i høgrekurve

4

E39

Jølster

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Ukjent

Onsdag

5/24/78

1714

Møting i kurve

7

E16

Lærdal

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Tørr, bar veg

Søndag

1/6/80

1410

Einsleg køyrety utfor på høgre side i høgrekurve

3

E39

Gloppen

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Snø- eller isbelagt

Fredag

9/11/81

0645

Einsleg køyrety køyrde utfor på venstre side i høgrekurve

3

Rv617

Vågsøy

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Tørr, bar veg

Torsdag

2/18/82

1435

Uhell med uklart forløp eller ingen bestemt kode

4

Rv5

Førde

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Tørr, bar veg

Søndag

7/29/84

0215

Ensleg køyrety køyrde utfor på høgre side i venstrekurve

3

Rv609

Askvoll

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Våt, bar veg

Søndag

9/14/86

1752

Einsleg køyrety køyrde utfor på høgre side i venstrekurve

4

Rv614

Flora

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss avkøyrsle

Tørr, bar veg

Søndag

12/20/92

1754

Einsleg køyrety køyrde utfor på høgre side på rett vegstrekke

4

E39

Jølster

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Snø- eller isbelagt

Onsdag

3/30/94

1515

Påkøyring ved venstresving

4

E39

Gulen

80

Utanfor tettbebyggelse

3-arma vegkryss (T-kryss, Y-kryss)

Tørr, bar veg

Tirsdag

5/19/98

1750

Møting på rett vegstrekke

3

Rv15

Stryn

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Våt, bar veg

Torsdag

1/29/04

1220

Møting på rett vegstrekke

3

Rv15

Eid

80

Utanfor tettbebyggelse

Vegstrekke utanfor vegkryss/avkøyrsle

Snø- eller isbelagt

Ekspander/minimer faktaboks

DYSTERT: Sidan 1977 har Statens vegvesen registrert 30 ulukker med to eller fleire drepne. I tillegg til ulukkene i tabellen kjem den tragiske ulukka i Våtedalen.

Ulukka som kravde flest menneskeliv skjedde på Ljøsne i Lærdal i 1978, då sponplater losna frå ein lastebil og tok livet av sju amerikanske turistar i ein møtande buss.

Ulukka i Våtedalen er den tredje store ulukka som har skjedd på E39 i Jølster i tilknyting til julehøgtida. Både i 1992 og i 1977 omkom fire personar då bilen dei sat i hamna i Jølstravatnet.

Fire ulukker med fire omkomne

Rasulukka som råka New Jordal Swingers.

FIRE OMKOMNE: Den populære gruppa New Jordal Swingers mista fire av sine medlemer i rasulukka mellom Førde og Naustdal.

Foto: Politiet

Også i Gulen og Flora har ulukker kravd fire menneskeliv kvar. I tillegg kjem også rasulukka i februar 1982, der to medlemer og to lydteknikarar i gruppa New Jordal Swingers omkom i ei rasulukke .

Vegstyresmaktene har visjon om null drepne og varig skadde i trafikken, men dette er eit vanskeleg mål å nå. Kvar dødsulukke blir granska med tanke på eventuelle forbetringstiltak.

– Vi veit at det er store variasjonar, og det må vi ta høgde for i det vidare arbeidet. Men vi ser at det også på nasjonalt nivå er ein auke og at det blir vurdert ekstra tiltak. Det vil vi nok gjere lokalt også, Slinde om ulukkene i 2013.

– Kvar og ein er ein for mykje

– Det som gjer det vanskeleg er at ulukkene skjer tilfeldig geografisk, det er større spreiing i type ulukke og her i fylket ser ein ikkje så klart at det er typiske ungdomsulukker. Det er vanskelegare å finne dei rette årsakene og dei rette tiltaka, held Slinde fram.

Totalt er 8.397 skadde eller drepne på vegane i fylket sidan 1977. Åra før 2013 gjekk også statistikken for trafikkdrepne gått ned. Likevel:

– Kvar av dei er ein for mykje, seier Slinde og oppmodar kvar og ein om å ha respekt for kreftene som er.

Drepne og hardt skadde i Sogn og Fjordane

UTVIKLINGA: Statistikken for 2013 er dyster for Sogn og Fjordane.

Foto: Statens vegvesen