Hopp til innhold

76-åring omkom etter utforkøyring

Den 76 år gamle mannen som vart skadd etter ei utforkøyring ved Haugen i Eid kommune måndag, døydde av skadane han fekk.

Full utrykking til bilulukke på Eid

SKADD: Den 76 år gamle mannen var åleine i bilen då ulykka skjedde.

Foto: Øystein Torheim

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding.

Det var måndag ettermiddag at politiet fekk melding om at eit einsleg køyretøy hadde hamna utfor ein privat veg på Haugen i Eid. Det var ingen andre køyretøy involverte i ulykka.

Den skadde mannen vart send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Dei pårørande er varsla.