Hopp til innhold

750 oppdrettslaks blir sleppte ut

Norsk Institutt for Naturforsking - NINA - søkjer no om å få merke og sette ut 750 oppdrettslaks i Sognefjorden.

Oppdrettslaks
Foto: NRK

- Målet med prosjektet er å skaffe informasjon om vandringsvegar, overleving og vekst for den rømde oppdrettslaksen, seier Lars Petter Hansen, som er seniorforskar i NINA.

Laks frå Skottland til Noreg

Dette prosjektet er eit pilotprosjekt som er føreslått av det internasjonale havforskingsrådet og den nordatlantiske laksevernorganisasjonen. Planen er å merke 750 store oppdrettslaks for så å sleppe dei ut i ytre del av Sognefjorden. Samstundes skal det gjerast eit liknande forsøk i Skottland.

- Vi har tenkt å teste ein hypotese om at laks som rømmer frå Skottland dukkar opp i Noreg, i norske vassdrag, og så er vi sjølvsagt interesserte i å finne ut kvar laks som rømmer frå norske oppdrettsanlegg hamnar.

For tidligare forsøk som er gjort har vist at den rømde oppdrettslaksen kan vandre svært langt.

Norsk laks til Kola-halvøya

- Vi har indikasjonar på at laks som har rømt frå anlegg på Færøyane og Irland også dukkar opp i Noreg, i tillegg til altså skotsk laks. Eit tidlegare forsøk har vist at ein laks som rømde frå eit anlegg i Rogaland dukkar opp på Kola-halvøya i Russland.

I Skottland er dei alt ferdige med å merke laksen som skal settast ut der. Hansen seier dei i løpet av dei neste vekene håpar dei skal vere klare til å sette fisk i ytre dele av Sognefjorden.

Hylse med lapp

- Laksen får eit lett synleg merke under ryggfinnen, det er ei lita hylse med ein lapp inni med adresse til der dei som fangar laksen skal sende opplysningane.

Også Eivind Sølsnes, fiskeforvaltar hjå fylkesmannen ër svært positiv til prosjektet.

- Det er godt at det blir gjort skikkelege vitskapelege studier på rømd oppdrettslaks, og vi håpar at resultata frå prosjektet vil føre til betre tiltak mot rømming.

- Men finst det ikkje motforestillingar mot å sleppe 750 oppdrettslaks ut i Sognefjorden?

- Jau, men her er det snakk om eit så godt føremål at vi må godta ulempene.