Hopp til innhold

«Det var godt mine ikkje vart funne, så eg hugsa dei slik dei var i live»

Den 13. september er det 75 år sidan den siste av dei to store raskatastrofane i Lodalen. Dette vert markert mellom anna med ei minnegudsteneste på Nesodden i Lodalen.

Bødalen etter rasulukka i 1936

Dette huset var det einaste i Bødal som ikkje var heilt slege til pinneved. Tre personar kraup uskadde ut av det.

Foto: ukjend / © Fylkesarkivet

Ramnefjellet i Lodalen

Ramnefjellet i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I halv femtida natt til 13. september 1936 losna eit stort fjellstykke 800 meter oppe i Ramnefjellet over Lovatnet og skapte ei stor flodbylgje i vatnet. Dermed var den andre Lodalsulukka eit faktum – 31 år etter at 61 menneske i bygdene Nesdal og Bødal hadde mist livet i den første i 1905. Denne gongen gjekk det endå verre: 74 menneske som budde ved vatnet omkom, 44 i Bødal, 26 i Nesdal, to på Sanden og to på Vassenden, heilt i andre enden av Lovatnet.

Les og om Lodalsulukkene 1905 og 1936 i Fylkesleksikonet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Seks brør Nesdal i 1936

Dei seks brørne på Larsbruket i indre Nesdal fotograferte eit par veker før ulukka i 1936. Eldstemann Lars sit med yngstebror Sverre på fanget. Til venstre for Lars står Asbjørn og Jørgen, til høgre Rasmus og Trygve.

Foto: Eigar Sverre Nesdal

Låg og flaut i stova

I dag er dei fleste som overlevde katastrofen i 1936 borte. Mellom dei som framleis lever er Sverre Nesdal, som berre var eitt år då flodbylgja trefte huset på Larsbruket i Innigard i Nesdal (indre Nesdal). Han låg i ei barnevogn i ei av to stover. Den andre stova som vende mot Ramnefjellet vart rasert av bylgja med vatn, jord, tre og stein. Trykket fekk døra til stova der Sverre låg til å gå opp, og massane fløymde inn der og. Resten av familien hadde søkt tilflukt i den delen av huset som vende vekk frå fjellet. Då faren hans, Ragnvald, høyrde barnegråt frå stova, sprang han inn og fann den vesle sonen flytande i dei gjørmete massane som hadde trengt inn. Vogna han låg i var ramponert, men guten var så godt som uskadd.

Solid bygt hus

Huset på Larsbruket i Nesdal etter 1936-ulukka

Huset på Larsbruket etter ulukka.

Bølgja gjekk over huset, og eit rom i andre etasje vart og rasert. Heile familien med farmor, mor og far og seks barn overlevde. Sverre meiner dei kan takke eit svært solid bygt hus for at det gjekk så godt med dei. Heller ikkje i 1905 gjekk det menneskeliv på Larsbruket.

Sverre er i dag 76 år og pensjonist. Han bur i Volda, der han har vore lærar. Sidan han var så liten då katastrofen råka Lodalen har han ikkje eigne minne frå hendinga, men alt han har høyrt og opplevd opp gjennom barndommen gjer at det heile sit spikra i han.

– Som ein svart vegg mot oss

Nesdal etter ulukka i 1936

Nesdal etter ulukka i 1936. Vi ser husa på Larsbruket midt i biletet.

Foto: Petter Sørå

Den nest eldste broren hans, Rasmus, var 13 år i 1936. I boka ”Lodalen – fager og fårleg” av Sigurd Nesdal fortel han:

Eg og alle i huset vakna av braket då fjellet rasa. Eg høyrde far kom opp i trappa. Søvndrukken vakla eg inn på rommet til Lars. Der var far. Vi stod i vindauget og såg båra braut. Veldig og voldsom kom ho som ein svart vegg innover mot oss. Det gneistra, og eldspruten stod framfor veggen. Fredsvollhusa blei små samanlikna med båra. Like før båra nådde husa, var det liksom dei løfte seg, gjekk i oppløysing og vart borte i mørkret – borte for alltid

Rasmus (13)

– Reagerte utan å tenkje

Lodalsulukkene - kart

Kart med piler som syner korleis bylgja breidde seg.

Foto: Frå boka "Lodalen - fager og fårleg"

Han held fram historia si slik:

– Vi forstod at båra var på veg mot oss og reagerte utan å tenkje. Far sprang ned trappa, medan vi gutane søkte mot guterommet. Mor stod i gangen og stengde utedøra saman med besta. Då kom braket. Først ein ljosblink, så stummande mørke. Det susa i lufta og knaka i tømra hus. Det heile var over i eit kort, men spanande sekund. Då det var over, sprang vi til glaset. Det synet som møtte meg gløymer eg aldri. Lada var rasa saman, og i disen såg eg at alt nedanfor husa våre var lagt øyde.

– Heller ikkje gløymer eg at far ropa at vi måtte skunde oss ut av huset og springe oppover bøen. Han hadde ulukka i 1905 i minnet. Då kom det tre bårer, og den siste var størst.

– Halvnakne og vitskremde

Nesdal i Lodalen 2008

Nesdal i dag. Vi ser Larsbruket til venstre. Området som flodbylgja feia over er i dag tilvakse med skog.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– I hui og hast, halvnakne og vitskremde, for vi ned trappa og la på sprang oppover i halvskyminga. Far bar Sverre i fanget. Sverre låg i vogna i stova. Der fossa vatnet, og alt som var i stova flaut. Far vod inn og fekk tak i Sverre i siste liten. Døra mellom stovene var slege inn, og vatnet fløymde ut der. Mor og besta vart slegne over ende i gangen. Vi var alle i live, men det var berre så vidt.

– Gavlveggen mot Ramnefjellet var for det meste vekke. Hadde besta lege i senga si, hadde ho enda sine dagar der. Om Lars hadde lege i si seng, hadde han blitt med båra. Golvet i rommet var slege opp, senga endevendt og sengklæda borte, fortel han.

– Kvifor skulle det skje på ny?

– Alle lodølene opplevde skremselsnatta 13. september 1936 på kvar sin måte. Etter mange år sit vi att med våre såre minne om kva som hende. Alle hugsar vi spørsmåla i dei dagane: Kvifor skulle dette skje på ny? Kvifor skulle det råke oss? Kvifor skulle skuldlause born med alle gode voner for framtida, bli lemlesta, såra og drepne, spør 13-åringen.

– Ein av dei som stilte spørsmåla var far. Etter at båra hadde gått tilbake, etter at vi var trygt plasserte i Abrahamstova, sprang han ned i Innigard for å sjå om det kunne vera overlevande. I ruinhaugane fann han Agnes Nesdal. Ho var mykje såra og døydde i armane hans på veg mot Jo-stova. Eg minnest at far kom gråtande. ”Dette er fælt”, sa han.

– Det var vel slik laga

Sokning i Lovatnet i 1936

Leiting etter omkomne ved Kjenndal. I bakgrunnen ser vi Nesdal og Ramnefjellet.

Foto: Eigar av foto Sverre Nesdal

– Kva far tenkte meir etter å ha funne Agnes, etter å ha sett at grannane var borte, veit eg ikkje, men eg trur at i aller største sorg og sakn over tapet av gode grannar og øydelagt heim, fanst og ein tev av takksemd over at vi på Larsbruket kom frå det med livet. Det var berre så vidt. Det var vel slik laga.

Overlevde ved eit mirakel

Anders Bødal

Anders Bødal.

I Bødal, rett på andre sida av vatnet frå Ramnefjellet, budde 12 år gamle Anders Bødal. Han overlevde ulukka på mirakuløst vis, som den einaste av dei åtte som var i huset på bruk nr. 6 i Bødal denne natta.

Her er utdrag av ein skulestil han skreiv om opplevinga si kort tid etter ulukka og som er attgjeven i «Lodalen – fager og fårleg»:

– Natta til 13. september låg eg og sov som vanleg. Men med eitt kjende eg at nokon tok borti meg og sa: «Anders, du må stå opp, for Ramnefjellet kjem». Det var mor som sa det. Kor svevnug eg enn var, kom eg no snart ut av senga og fram til eit glas som snudde mot fjellet. Synnøve og Signy, systrene mine, stod ved eit anna glas. Med det same eg kom til glaset, såg eg steinrøyken steig tjukk og fæl opp frå fjellet, så det var reint uhyggeleg å sjå. Det dundra og braka mykje verre enn når tora slær.

– Inga berging

– Det kan ikkje seiast med ord kor det høyrdest ut. Lufttrykket var så sterkt at me reint ville miste pusten. Men så kom det verste. Båra kom over Nesodden, og då forstod eg at det var inga berging. Ho snudde huset rundt som ein stikkedåse, og krasa det til pinneved, skriv 12-åringen.

Han held fram:

– Eg vart førd med båra eit langt stykke. Eg låg der og stridde med liv og død. Eg tok inn ei mengd med myrvatn, og tykkjer endå eg kjenner kor vond smak det var på det. Eg for rundt fleire gonger i vatnet, og eg fekk slag både her og der av alle stokkane som fylgde med.

Fylgde med båra

Bødal etter ulukka i 1936 - oversyn

Bødal etter ulukka i 1936.

Foto: © Fylkesarkivet

– Men levande ifrå det kom eg, og eg fekk heller ikkje noko skade som var nemnande. Båra skola langt oppover, og eg fylgde med. Eg tykte det tok aldri ende på denne ferda, som kanskje ikkje hadde vart eit minutt. Endeleg for båra ned att, og eg heldt på å verta med, men til all lukke så rende eg i ein stein, og vart hengande der. Straks båra var faren ned att, la eg til sprangs opp til gardfjøsane.

– Alt var så ukjenneleg

Lodalsulukkene -minnetavle

Minnetavle ved vegen til Kjenndalen med namna til dei omkomne i 1905 og 1936.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Då eg vart boren ned til båten, brukte eg augene mine, for det var ikkje råd å kjenne seg att. Der det før hadde stade fine hus og heimar, var det no berre stein, tre og material att. Og av heimen min fanst det ikkje anna enn fjellet att, og alt var så ukjenneleg.

– Eg hadde mist så mange av mine kjære, far, mor, fire syskin, brorkona og alle dei hjå farbror, og mange fleire som eg hadde vore i lag med, så alt var så tungt og leidt, tykte eg.

Berga av punktering

Eldste broren til Anders Bødal, Sigurd, hadde vore eit ærend i Stryn og måtte overnatte i Loen fordi sykkelen hans punkterte og han i tillegg fekk problem med lykta på sykkelen, og det berga livet hans. Han levde til han var 90 år. Systera Brita var gift på Voss.

Ho og mannen hadde vore i Bødal på sommarferie, og var nett reist attende til Voss då ulukka hende. Då dei fekk vite om ulukka reiste dei til Loen og tok med seg Anders til Voss, der han budde til han reiste ut for å utdanne seg. Han vart lærar og kom til Kaupanger i 1955. Dei siste åra har han og kona budd i Sogndal.

– Godt dei ikkje vart funne

Loen kyrkje - minnestøtter for Lodalsulukkene

Minnestøtter ved Loen kyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I 1936 var det ikkje noko som heitte kriseteam og krisepsykiater, dei fleste som overlevde måtte stri seg gjennom dei tunge tankane etter ulukka på eiga hand. For Anders var presten ei god hjelp, og han synest han har greidd seg bra gjennom livet.

– For meg var det godt at ingen av mine vart funne igjen, slik at eg kunne hugse dei slik dei var i live. For dei som vart funne døde var så ille tilreidde at det ville ha gjort minna mykje verre.

Nytt ras i 1950

Om ettermiddagen den 22. juni 1950 kom det eit nytt stort ras i Ramnefjellet. Også denne gongen vart det ei flodbylgje, men på langt nær så stor som i 1936 fordi vatnet var så oppfylt av stein frå tidlegare ras. Likevel slo bylgja 100 meter inn over land i Nesdal og 50 meter i Bødal, nokre naust fekk skade, og nokre robåtar vart øydelagde. Men ingen menneske vart skadde. To som var ute i robåt og fiska på vatnet då raset kom var så klartenkte at dei rodde ut mot midten av vatnet. Der var det roleg fordi bylgja passerte under dei langs botnen.

(Kjelde: ”Lodalen – fager og fårleg” av Sigurd Nesdal.)

Lovatnet - Sundet under Ramnefjellet

Sundet i Lovatnet, rett under Ramnefjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK