Hopp til innhold

73-åring krev grav opna i farskapssak

Høgsterett skal i dag avgjere om retten kan bestemme at det skal takast DNA-prøve av ein død person. Det skjer i samband med ei spesiell farskapssak i Sogn og Fjordane.

Norges Høyesterett

SPESIELL SAK: Etter at den no 73 år gamle mannen har tapt saka i både tingretten og lagmannsretten, skal saka i dag opp i Norges Høgsterett.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det er Bergens Tidende som i dag skriv om den noko spesielle saka. Den kjem opp etter at ein eldre mann døydde på ein gamleheim i fjordfylket i 2011.

Ein no 73 år gamal mann melde seg kort tid etterpå som arving til den sjusifra formuen til mannen, skriv avisa. Han krev no at grava til den avdøde mannen blir opna for å bevise at det er eit far-son forhold mellom dei to.

To rettar har sagt nei

Både Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett har sagt nei til å opne grava for å ta slike DNA-prøver, men 73-åringen får no saka opp i Høgsterett.

Den døde mannen hadde sjølv ikkje barn, og det er to nevøar og ei niese som står som motpart i saka. Advokaten deira, Arne Gjeraker, seier til BT.no at dei finn kravet om gravopning støytande.

Pål Sverre Hernæs er advokat for 73-åringen. Han avviser at saka handlar om pengar, og seier det viktigaste for hans klient er å få slått fast om den avdøde var far hans.

Strenge reglar

Helge Klingberg har 40 års erfaring som kyrkjegardskonsulent. Han seier det skal mykje til for å få opna ei grav i Norge.

– Det er veldig sjeldan og det er strenge reglar. Gravferdslova seier det skal sterke grunnar til for at ei grav kan opnast. Ei grav er utgangspunktet freda i ei periode, normalt på 20 år. Det å opne ei grav i fredingstida er ganske unormalt, seier Klingberg til NRK.