Hopp til innhold

Måtte presse seg fast i snøsprekk i ein time

For berre to veker sidan var Truls Omtvedt både uheldig og – som han seier det – veldig, veldig heldig. Til vinteren skal den spesielle 72-åringen igjen køyre snowboard.

Truls Omtvedt

KNUST BEIN: Røntgenbileta er spektakulære, ler Truls Omtvedt. Foten vart stygt skadd i ulukka, men det kunne fort gått mykje verre.

Foto: Privat

Det var ein fin dag, laurdag for to veker sidan. Det var strålande vêr på fjellet den føremiddagen. Anlegget var ope, men det hadde ikkje kome så mykje menneske.

– Då er det dette med at "du skulle berre". Så då skulle eg berre køyre ein tur saman med eit par gode vener før jobben starta.

Den erfarne snowboardaren Truls Omtvedt er assisterande dagleg leiar på Stryn Sommerskisenter. Det var avisa Fjordingen som først fortalde at Omtvedt var mannen bak overskriftene.

Såg at foten peika feil veg

Eg hadde fem meter fall framføre meg som var skummelt nære. Eg var redd for å miste medvitet.

Truls Omtvedt

Dei er svært godt kjende på fjellet alle tre. I tillegg møtte dei tre svenske snowboardarar oppe på fjellet. Alt var flott, og dei seks var der dei likar seg best. Men så skulle dei ned.

– Då var eg rett og slett ikkje god nok. Han som var best kjend køyrde først. Han stogga i god tid før sprekken. Eg greidde ikkje å stogge. Det var hardt, hadde vore kuldegrader om natta. Det var hardare enn eg rekna med.

Han seier han hugsar alt som skjedde.

– Eg sat på rumpa, med brettet framføre meg, og freista å bremse så godt eg kunne med det. Men farten berre auka og auka. Eg hadde bra fart då eg forsvann ned i sprekken.

Og treffet var svært kraftig, med hovudtyngda på høgre fot.

– Så den rauk. Det vert ein spesiell form for smerte i ein slik situasjon. Eg såg at foten var øydelagd. Han peika feil veg.

Kunne lett falle vidare

Det første hellet i uhellet var at han hadde folk med seg. Kameratane ilte til.

– Ein av dei lente seg over kanten og heldt meg i ande. Han prata med meg konstant, slik at eg ikkje skulle svime av. Eg hadde fem meter fall framføre meg som var skummelt nære. Eg var redd for å miste medvitet.

– Var du så dårleg?

– Ja, absolutt. Eg vart fort veldig sliten. Eg måtte liggje å halde kroppen pressa mot fjellet, sette henda i snøen halde i mot slik at eg ikkje sklidde vidare.

Det andre hellet i uhellet var at dette var ei snøsprekke med tørr snø.

– I ei bresprekke hadde eg ikkje hatt ein sjanse, for då hadde eg hatt isvatn over meg. Det ville vore fatalt.

Det tredje hellet i uhellet var at turfølget er erfarne fjellfolk.

– Johan Andersson var med. Han visste akkurat kvar han skulle køyre for å oppnå dekning på mobiltelefonen. Han fekk alarmert heile redningssystemet. Det fungerte 100 prosent, og gjekk så fort som det kunne gå.

– Den timen vart veldig lang

Likevel tok det ein time. I ein heil time låg 72 år gamle Omtvedt i snøsprekka. Med eit bein som peika i feil retning. Med eit medvit som var i ferd med å forsvinne. Og med kroppen i spenn for å hindre eit vidare fall på fem meter.

– Eg kjente ikkje kor lang tid det tok. Men dei som venta tykte den timen vart veldig lang. Hadde eg falle vidare hadde det nok vorte verre. Det er eg sikker på, seier han med tydeleg ettertanke.

Luftambulansen førte han trygt til Førde. Omtvedt er full av lovord om jobben ortopedisk avdeling på Førde sentralsjukehus gjorde for å «rette opp alt saman». Vidare vart han sendt til sjukehuset i Bærum for å opererast.

Godt humør med knust bein

Truls Omtvedt

VED GODT MOT: Etter operasjonen meiner Truls Omtvedt det heile ser mindre spektakulært ut. Omtvedt ser framover, er i godt humør, og vil tilbake på snøbrettet.

Foto: Privat

Etter operasjonen har Omtvedt tre skjener og rundt 20 skruar i høgrebeinet.

– Røntgenbileta ser ganske spektakulære ut, for å sei det slik. I alle fall for meg, ler Omtvedt.

For han ler mykje, og er i overraskande godt humør til å vere ein friluftsmann som har lege på sjukehus med eit knust bein i over to veker. Men kanskje er det ikkje overraskande. Snart skal han heim, og om seks veker kan han byrje å belaste foten.

– Det har gått forholdsvis bra dette?

– Ja! Eg kan ikkje skildre det på nokon annan måte! Eg har vore veldig heldig. Det var dumt at det skjedde. Men når først gale skulle gå, so var eg veldig heldig.

– Kvifor?

– For det første fordi eg hadde med meg slike flinke menneske som tok så godt vare på meg. For det andre fordi eg greidde å halde meg oppe. Og det skal ein av dei svenske gutane som hang over kanten og heldt meg vaken ha mykje av æra for.

– Eg kjem til å treffe vener på fjellet til vinteren

– Nei da! Ikkje på nokon måte.

Det svarar 72-åringen på spørsmål om han har fått skrekken på heile snowboardgreia no.

– Det har eg ikkje. Eg veit kva som skjedde, og det skal aldri skje igjen. Eg har køyrt snowboard i så mange år at eg kan det, og eg burde visst betre.

For han har køyrt snøbrett i 30 år. Omtrent like lenge som folk har køyrt snowboard i Norge. Han fortel at alle kjente alle i snowboardmiljøet den gongen. Mange av dei er framleis nære vener i dag.

– Eg skal tilbake å køyre brett i vinter, eg. Og neste sumar på Strynefjellet. Eg trivest veldig godt blant dei menneska som jobbar og leikar seg rundt Strynefjellet og i Hjelledalen. I Stryn kommune generelt. Eg har det veldig kjekt der heile sumaren.

Men allereie til vinteren skal han altså på brettet.

– Heilt klart. Eg kjem til å treffe vener på fjellet til vinteren.

– Kjem du nokon gong til å slutte?

– Det har eg ikkje planlagt, i alle fall. Omtvedt ler igjen.