Hopp til innhold

700 måtte liggje på gangen

Dei siste ni månadane har det vore kraftig auke i talet på korridorpasientar ved medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus.

Medan Nordfjord og Lærdal sjukehus knapt har hatt korridorpasientar, har 711 måtte ligge på gangen ved medisinsk sengepost i Førde, skriv Firda.

Dette er ein auke på 50 prosent frå i fjor.

I tilleg har 93 pasientar måtte liggje på gangen ved kreftsengeposten ved medisinsk klinikk og 94 pasientar ved nevro/rehabilitering dei ni første månadane.

Ved medisinsk sengepost i Lærdal måtte 7 liggje på gangen, medan talet i Eid var 11.

- Auka bruk av sjukehuset

Klinikkdirektør Arve Varden seier at auken i talet på korridorpasientar i Førde delvis skuldast omorganiseringa der det vart etablert kreftsengepost i 8. etasje ved sentralsjukehuset.

- Vi ser også at fleire indremedisinske pasienter no blir sende til Førde. Bruken av sjukehuset i Førde aukar, seier han til avisa.

Tre nye senger

Varden seier at dei medisinske tilboda i Lærdal og Eid er bra, men at det er fleire ressursar knytt til medisinsk avdeling i Førde.

For å få ned talet på pasientar som må liggje bak eit skjermbrett på gangen, har det blitt tre nye senger ved medisinsk sengepost.

Andelen på korridorpasientar i helseføretaket under eitt er no på 2,9 prosent, mot 1, 7 ved førre rapportering.