Merdane i Espelandsvatnet er fulle av fisk - men dei 70.000 regnbogeaurane er infiserte av måkemakklarvar, og er ikkje lenger aktuelle som menneskemat. Men avliving kostar, og Steinar Gjersdal, som eig Åfjorddalen Smoltoppdrett, har varsla at kassa snart er tom. Han har råd til å mate fisken fram til 1.april, men har ingen midlar til nedslakting.
Fylkesmannen varsla
For å unngå ein dyretragedie i Espelandsvatnet, har Gjersdal varsla Fylkesmannen, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. Tysdag møttest partane i Leirvik for å greie ut om kven som har ansvaret for den sjuke fisken og eventuell ureining. Konklusjonen blei at ansvaret for situasjonen ligg på mannen som eig selskapet, styret, investorar og andre som har med drifta å gjere.
Moglege investorar
Eineigaren av selskapet seier han har moglege investorar som vil gå inn viss selskapet har drivverdige rammer. Det krev endra konsesjonsvilkår, noko Fylkesmannen så langt har nekta å gje.
Frå no av er det Mattilsynet som skal sjå til at Åfjorddalen Smoltoppdrett hindrar ein miljøkatastrofe.