Tala i rapporten frå Riksrevisjonen om tilhøva i norsk fiskerinæring er klare. Sogn og Fjordane er det fylket som prosentvis har mista desidert flest av dei verdfulle trål- og ringnotkonsesjonane. Verken Finnmark eller Troms er på langt nær så hardt råka som Sogn og Fjordane. I dag er det ikkje ein einaste trålkonsesjon igjen i fylket.
Ser ikkje svart på det
Det er vanskeleg å gje eit eintydig svar på kvifor så mange konsesjonar har forsvunne ut av fylket. Men leiar i Sogn og Fjordane Rederiforening, Kåre Furnes, meiner utviklinga no har snudd:
- Tendensen vi hadde for nokre år sidan har stoppa opp, og vi er no inne i ein epoke der dei som er igjen i fiskerinæringa på flåtesida i Sogn og Fjordane er meir opptekne av å stabilisere, og helst utvikle og bygge opp igjen miljøet. Så det er fleire positive enn negative trekk i augneblinken.
- Sterkare miljø
- Det er klart at når miljøa blir små er det fort at dei siste forsvinn, og slik var det gjerne også i Sogn og Fjordane, seier Furnes, som likevel helst skulle sett at desse rettane blei verande i fylket.
- Men sjølv om vi er færre i ringnotflåten, er det eit desto sterkare miljø som er att, seier han.