Hopp til innhold

7 millionar kan vera bortkasta

Helsetilsynet har satt i gang den andre helseundersøkinga etter Sløvågulukka i 2007. Men nesten ingen svarer på den.

Tankeksplosjon i Gulen.

GIFTLEKKASJE: Farleg materiale ga forskjellige reaksjonar i helsa til innbyggjarane i Sløvåg.

Foto: Steinar Lote / NRK

Meininga med undersøkinga er å sjå om helsa til innbyggjarane har blitt påverka av ulukka. Til no har kun 27 prosent svara.

Avhengig av respons

No fryktar prosjektleiar Bjørg Eli Hollund ved Haukeland Universitetssjukehus at heile prosjektet kan vera bortkasta. Dersom ikkje fleire svarar, er ho redd dei ikkje får inn nok data til å kunna trekkja konklusjonar.

– Me har jo fått ei henvending frå innbyggjarane, som var redde for langtidsvirkningane etter hendinga. Og me ynskjer jo å få eit svar på korleis situasjonen er, seier ho.

Framtidige prosjekt i fare

– Planen er å ha ei ny undersøking om to år. Men om responsen er dårleg no, så spørs det korleis det går med den, seier Hollund.

Den fyrste helseundersøkinga blei gjennomført i 2008. Då svara heile 74 prosent. No er Hollund skuffa over den låge responsen dei har fått denne gongen.

– Me kan gjera det praktiske arbeidet rundt ei slik undersøking, men det er innbyggjarane som må svara, seier ho.